Comfortably Numb
Comfortably Numb Singel av Pink Floyd frå albumet The Wall | ||
B-side |
«Hey You» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1979 | |
Innspelt | April–November 1979 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 6:21 | |
Selskap | EMI | |
Komponist | David Gilmour, Roger Waters | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | David Gilmour & Roger Waters | |
Produsent | Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters | |
Pink Floyd-kronologi | ||
«Another Brick in the Wall (Part 2)» (1979) |
Comfortably Numb | «Run Like Hell» (1980)
|
«Comfortably Numb» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira The Wall frå 1979. Musikken er komponert av David Gilmour (med små medverknadar av Waters), medan teksten er skrive av Roger Waters.
Plott
endreSom resten av songane på albumet, fortel «Comfortably Numb» ein del av historia om hovudrolla Pink. Pink kjenner seg totalt isolert frå samfunnet, og mislikar sterkt presset med å vere ei rockestjerne. Så han kollapsar på hotellrommet like før han skal dra til konserten sin. Ein lækjar vert henta til rommet og gjev Pink ei sprøyte, som gjev han nok energi til å framføre konserten. Teksten er skrive som ein samtale, der Waters si stemme er lækjaren, og Gilmour si stemme er Pink .
Bakgrunn
endreMedan dei fleste songane på The Wall er skriven av Waters aleine, er det meste av musikken til «Comfortably Numb» laga av David Gilmour. Opphavleg hadde Gilmour tenkt å spele songen inn for sitt første soloalbum, David Gilmour. Gilmour valde å ikkje bruke songen på albumet, og tok i staden demoen med seg til innspelingane av The Wall.
Songen er ein av berre to spor på The Wall som ikkje glir inn eller ut av songane før og etter (den andre songen er «Mother»). Dette kjem av at det på den originale LP-versjonen var ein pause i musikken då side tre av albumet var ferdig. På enkelte CD-utgåver av tidlegare Pink Floyd-album som The Dark Side of the Moon og Wish You Were Here vart desse pausane tatt bort ved at slutten på eine sida og byrjinga på andre sida vart miksa inn i kvarandre.
I følgje musikkmagasinet Rolling Stone vart Roger Waters inspirert av ei sprøyte han fekk for hepatitt av ein lækjar før ein Pink Floyd-konsert i Philadelphia. Waters skal ha sagt at det var dei to lengste timane i livet hans, og at det var særs vanskeleg å gjennomføre ein konsert når det var så vidt han kunne lette på armane. Denne opplevinga gav han ideen som til slutt utgjorde teksten til songen.
Waters og Gilmour var svært ueinige om korleis songen skulle spelast inn og høyrast ut, og Gilmour ville at lydbilete i versa skulle vere meir skittent. Til slutt vart Waters sitt ønskje brukt i versa, medan Gilmour fekk lage gitarsoloen som han ville. Gilmour har seinare fortalt at han og Waters krangla svært lenge om korleis songen skulle høyrast ut.
Songen inneheld to gitarsoloar av David Gilmour, og er ein av favorittsoloane til Pink Floyd-tilhengjarane. Den siste soloen i songen vert sett på som ein av Gilmour sine beste soloar og som ein klassikar innan gitarsoloar i rocken. Soloen kjem ofte svært høgt på kåringar over dei beste gitarsoloane nokon sinne.
I 1984 då Gilmour spelte nokre solokonsertar vart songen ofte kalla «Come on Big Bum» i setlista. Gilmour gjorde dei endringane han opphavleg ville ha med på albumet under desse konsertane, og i dei seinare utgåvene av songen under konsertane til Pink Floyd på 80- og 90-talet var det denne versjon dei brukte.
Medverkande
endre- Roger Waters – solovokal (vers), bassgitar
- David Gilmour – solo- og harmonivokal (refreng), akustisk gitar, elektrisk gitar, pedalsteelgitar, bassgitar, Prophet-5 synthesiser.
- Nick Mason – trommer
- Richard Wright – orgel
med:
- Michael Kamen – orkesterarrangement
- Lee Ritenour – akustisk gitar
Personell per Fitch/Mahon[1]
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Storbritannia (BPI)[2] | Gull | 400 000^ |
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine |
Scissor Sisters-versjonen
endreComfortably Numb Singel av Scissor Sisters frå albumet Scissor Sisters | ||
B-side |
Rock My Spot (Crevice Canyon) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. januar 2004 | |
Sjanger | Post-disco[3] | |
Lengd | 4:25 | |
Selskap | Polydor | |
Komponist | David Gilmour, Roger Waters | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | David Gilmour, Roger Waters | |
Produsent | Scissor Sisters | |
Scissor Sisters-kronologi | ||
«Laura» (2003) |
Comfortably Numb | «Take Your Mama» (2004)
|
Scissor Sisters spelte ein radikalt omarrangert disco-aktig versjon gjeven ut i januar 2004 på Polydor, med B-sida «Rock My Spot (Crevice Canyon)». Denne nådde tiandeplassen på UK Singles Chart. David Gilmour og Nick Mason har begge sagt at dei likte versjonen,[4] og Roger Waters skal ha gratulert Scissor Sisters for versjonen.[5] Jake Shears, frontmann og songar i bandet, vart invitert av Gilmour til å syngje «Comfortably Numb» med han på somme konsertar i 2006, men ideen vart droppa i siste augneblink, til Shears sitt store vonbrot.[6] Denne versjonen vart nominert til Grammyprisen for beste dance-song, men tapte for «Toxic» av Britney Spears.[7]
Salslister
endreVekeslister
endreListe (2004) | Plassering |
---|---|
Australia (ARIA)[8] | 73 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[9] | 39 |
Belgia (Ultratip Vallonia)[10] | 10 |
Tyskland (Media Control AG)[11] | 97 |
Irland (IRMA)[12] | 30 |
Nederland (Mega Single Top 100)[13] | 84 |
Skottland (Official Charts Company)[14] | 9 |
Sverige (Sverigetopplistan)[15] | 27 |
UK Singles (Official Charts Company)[16] | 10 |
UK Dance (Official Charts Company)[17] | 1 |
Årslister
endreListe (2004) | Plassering |
---|---|
UK Singles (Official Charts Company)[18] | 175 |
Andre versjonar
endre- Luther Wright and the Wrongs frå Canada gav i 2001 ut ein countryversjon av songen på albumet deira Rebuild the Wall, som var ei nyinnspeling av heile The Wall som eit countryalbum.
- Graham Parker frå England gav i 2003 ut ein akustisk versjon av «Comfortably Numb» på albumet hans A Fair Forgery of Pink Floyd (som var det Roger Waters kalla albumet A Momentary Lapse of Reason for).
- Dar Williams inkluderte ein versjon av songen i ein duett med Ani DiFranco på hennar album My Better Self i 2005.
- Billy Sherwood og medlem frå bandet Yes spelte ein versjon av songen for tributtalbumet Back Against The Wall.
- Sanggruppa Gregorian song songen på albumet deira Masters of Chant Chapter V i 2006.
- Sarah Slean spelte ein versjon av songen på albumet Pink Floyd Redux i 2006.
- Dream Theater har spelt songen på fleire konsertar, blant anna i lag med bandet Queensrÿche.
- Filmmusikken til filmen The Departed av Martin Scorsese frå 2006 inneheld konsertversjonen av songen frå albumet The Wall: Live in Berlin (1990). Roger Waters spelte denne i lag med Van Morrison, Levon Helm, Garth Hudson og Rick Danko.
Kjelder
endre- Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3rd edition), 2005. ISBN 1-894959-24-8
- http://www.rollingstone.com/artists/pinkfloyd/articles/story/6596159/comfortably_numb Arkivert 2009-01-14 ved Wayback Machine.
- ↑ Fitch, Vernon; Richard Mahon (28. juli 2006). Comfortably Numb-A History of «The Wall» – Pink Floyd 1978–1981. PFA Publishing, Inc. s. 99. ISBN 0-9777366-0-1.
- ↑ «British single salstrofé – Pink Floyd – Comfortably Numb». British Phonographic Industry. Henta 26. april 2019. Enter Comfortably Numb in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
- ↑ Bodenner, Chris (28. november 2016). «Track of the Day: ‘Comfortably Numb’ by Scissor Sisters». The Atlantic. Henta 30. april 2018.
- ↑ Endelman, Michael (27. september 2006). «Think 'Pink'». EW.com. Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 10. juli 2019.
- ↑ Tom Bishop (2. februar 2004). «Scissor Sisters' stab at success». BBC.co.uk. Henta 8. januar 2008. «...Pink Floyd Publishing told us the band was very pleased with our version. Roger Waters wants a picture disc.»
- ↑ «Scissor Sisters star lashes out at Pink Floyd legend | News». Nme.Com. 8. september 2006. Henta 10. juli 2019.
- ↑ «47th Grammy® Awards Nominations». DigitalHit. Henta 10. juli 2019.
- ↑ Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing.
- ↑ "Ultratop.be – Scissor Sisters – Comfortably Numb" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 10. juli 2019.
- ↑ "Ultratop.be – Scissor Sisters – Comfortably Numb" (på fransk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 10. juli 2019.
- ↑ "Scissor Sisters - Comfortably Numb". Charts.de. Media Control. Henta 10. juli 2019.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Comfortably Numb". Irish Singles Chart. Retrieved 10. juli 2019.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Scissor Sisters – Comfortably Numb" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 10. juli 2019.
- ↑ "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company. Henta 10. juli 2019.
- ↑ "Swedishcharts.com – Scissor Sisters – Comfortably Numb". Topp 60. Hung Medien. Henta 10. juli 2019.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 10. juli 2019.
- ↑ "Archive Chart" UK Dance Chart. Official Charts Company. Henta 27. mai 2018.
- ↑ «The Official UK Singles Chart 2004» (PDF). UKChartsPlus. Henta 27. mai 2018.
322: «Don't Let Me Be Misunderstood» The Animals |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 321 «Comfortably Numb» Pink Floyd |
320: «I Put a Spell on You» Screamin' Jay Hawkins |