Dead End Street
Singel av The Kinks
B-side

«Big Black Smoke»

Språk engelsk
Utgjeve 18. november 1966
Innspelt 1966 i Pye Studios (No. 2), London
Sjanger Rock
Lengd 3:22
Selskap Pye 7N 17222 (UK)
Reprise 0540 (US)
Komponist Ray Davies
Tekstforfattar Ray Davies
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Shel Talmy
The Kinks-kronologi 
«Dandy»
(1966)
Dead End Street «Mister Pleasant»
(1967)


«Dead End Street» er ein song av det britiske bandet The Kinks frå 1966, skriven av låtskrivaren Ray Davies. Han vart opphavleg skrive som ein singel, men har sidan vorte gjeven ut som bonusspor på albumet Face to Face. Songen omhandlar fattigdom og elende i dei lågare klassane i det engelske samfunnet. Sonegen vart ein stor suksess i heimlandet, der han nådde femteplassen på singellista. I Noreg nådde songen sjuandeplass, medan han berre gjekk til 73. plass i USA.[1] I 1976 plasserte musikkmagasinet New Musical Express songen på 72. plass på lista deira over dei 100 største singlane gjennom tidene.[2] Det vart laga ein musikkvideo til songen.

Medverkande endre

  • Ray Davies - solovokal, gitar
  • Dave Davies - gitar, bass, korvokal
  • John Dalton - bass, korvokal
  • Mick Avory - trommer
  • Nicky Hopkins - piano
  • Det er kjend at The Kinks hadde gått til ein pub som ofte vart vitja av studiomusikarar medan dei spelte inn «Dead End Street» og fått ein trombonist der til å spele på songen.

Andre versjonar endre

Songen har sidan vorte spelt av bandet The Jam, og både songen og musikkvideoen inspirerte Oasis-songen «The Importance of Being Idle» frå 2005.[3]

Ein norsk tekst vart skriven av Helge Grønhaug og kalla «Daudmannsvik». Denne vart spelt inn av De musikalske dvergene og Frode Alnæs i 2004.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre