Face to Face
Face to Face Studioalbum av The Kinks | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. oktober 1966 | |
Innspelt | 23. oktober 1965 – 21. juni 1966 | |
Studio | Pye Studios i London | |
Sjanger | ||
Lengd | 38:32[1] | |
Selskap | ||
Produsent | Shel Talmy | |
The Kinks-kronologi | ||
---|---|---|
The Kink Kontroversy (1965) |
Face to Face | Something Else by The Kinks (1967) |
Singlar frå Face to Face | ||
|
Face to Face er eit album av The Kinks frå 1966 på Pye Records i Storbritannia og Reprise Records i USA. Det var eit stort kunstnarisk gjennombrot får låtskrivaren Ray Davies og er det første heile albumet der Davies nytta den forteljande, observerande forteljarstilen med ironiske samfunnskommentarar i songane sine. The Kinks flytta seg her bort frå den harde rock and roll stilen frå 1964-65, som hadde gjort bandet til stjerner. Dette vart òg det første Kinks-albumet som berre bestod av Ray Davies-songar, og var det første albumet deira som vart spelt inn over ein lang periode og ikkje berre i løpet av ei kort innspeling.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Encyclopedia of Popular Music | [2] |
The Rolling Stone Album Guide | [3] |
MusicHound | [4] |
Historie
endreDavies, som hadde hatt eit nervesamanbrot like før innspelinga av albumet kom i gang, ser ut til å svare på det store presset han følte ved å skrive songar om vanlege forstadsfolk med feila og frustrasjonane deira. Denne nye stilen hadde gradvis kome til i løpet av det føregåande året med songar som «A Well Respected Man» og «Dedicated Follower of Fashion». Stilen slo ut for fullt i mai 1966 med hitsingelen «Sunny Afternoon», som nådde førsteplassen i Storbritannia og var den einaste førsteplassen bandet fekk i Noreg. Den store suksessen denne songen fekk viste for Davies og managerane til The Kinks at bandet kunne oppnå suksss òg med denne stilen. Det nye albumet følgde dette mønsteret, og det same gjorde dei neste albuma deira dei fem neste åra. Perioden frå 1966 til 1971 er vorte kalla «gullalderen» til The Kinks.
Albumet kom ut eit år med mykje uro for bandet. Bandet sleit med personlege problem (bassist Pete Quaife vart skadd, slutt i bandet og kom seinare attende), rettslege kontraktstridar og hektisk turnering. Albumet fekk god kritikk, men selde ikkje veldig mykje, særleg ikkje i USA.
Songane
endreSongane på albumet er fulle av dei spottande, smarte tekstane til Davies. Han kritiserer ein lat Don Juan i «Dandy» og syng om den sjølvopptekne og hyklerske rike eliten i «House in the Country» og «Most Exclusive Residence for Sale». Medmenneskelegdomen til Davies kjem òg til syne på songar som «Rosie, Won't You Please Come Home», ein uvanleg popsong i 1960-åra som støtta foreldre som var mot vald mot opprørske barn (eit godt døme på at The Kinks valde tidlause tema som var umoderne på tida dei vart skrivne).
Enkelte musikkhistorikarar har omtalt albumet som det første konseptalbumet i rock and roll der det lause temaet er samfunnskommentarar. Davies hadde ønska å knyte songane saman med lydeffektar, men vart tvungen av Pye Records til å gjere det om til eit standard album. Nokre av effektane er likevel med som på «Party Line», «Holiday in Waikiki», «Rainy Day in June» og andre songar som ikkje kom med på det endelege albumet («End of the Season», «Big Black Smoke»). På grunn av problem med platekontrakten vart albumet halde tilbake fleire månader etter den siste innspelinga, og Davies krangla i tillegg med Pye om korleis plateomslaget skulle sjå ut. Selskapet meinte at det psykedeliske temaet var upassande.
To songar på Face To Face vart opphavleg spelt inn og gjeve ut av andre britiske band månader før albumet kom ut, trass i at dei var skrivne av Davies. The Pretty Things hadde ein liten britisk hit i juli 1966 med «A House In The Country», som nådde 50. plass og var den siste singelen dei fekk inn på salslista. Herman's Hermits tok samstundes deira versjon av «Dandy» til Topp 10 i mange land.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Ray Davies.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Party Line» | 2:35 |
2. | «Rosie Won't You Please Come Home» | 2:34 |
3. | «Dandy» | 2:12 |
4. | «Too Much on My Mind» | 2:28 |
5. | «Session Man» | 2:14 |
6. | «Rainy Day in June» | 3:10 |
7. | «A House in the Country» | 3:03 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
8. | «Holiday in Waikiki» | 2:52 |
9. | «Most Exclusive Residence for Sale» | 2:48 |
10. | «Fancy» | 2:30 |
11. | «Little Miss Queen of Darkness» | 3:16 |
12. | «You're Lookin' Fine» | 2:46 |
13. | «Sunny Afternoon» | 3:36 |
14. | «I'll Remember» | 2:27 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
15. | «I'm Not Like Everybody Else» | 3:29 |
16. | «Dead End Street» | 3:23 |
17. | «Big Black Smoke» | 2:36 |
18. | «Mister Pleasant» | 3:01 |
19. | «This Is Where I Belong» | 2:26 |
20. | «Mr. Reporter» (ikkje tidlegare utgjeven) | 3:58 |
21. | «Little Women» (ikkje tidlegare utgjeven) | 2:11 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
15. | «Dead End Street» | 3:24 |
16. | «Big Black Smoke» | 2:35 |
17. | «This Is Where I Belong» | 2:27 |
18. | «She's Got Everything» | 3:11 |
19. | «Little Miss Queen of Darkness» (alternativ opptak) | 3:22 |
20. | «Dead End Street» (tidleg acetatversjon) | 2:56 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
15. | «This Is Where I Belong» | 2:46 |
16. | «Big Black Smoke» | 2:51 |
17. | «She's Got Everything» | 3:10 |
18. | «You're Looking Fine» (alternative stereomiks) | 2:53 |
19. | «Sunny Afternoon» (alternative stereomiks, ingen uttoning) | 3:49 |
20. | «Fancy» (alternative stereomiks, lengre uttoning) | 2:57 |
21. | «Little Miss Queen of Darkness» (alternative stereomiks) | 3:22 |
22. | «Dandy» (alternative stereomiks) | 2:15 |
Medverkande
endre- Ray Davies – solovokal, rytmegitar, mellotron
- Dave Davies – sologitar, korvokal, solovokal på «Party Line», «You're Lookin' Fine»
- Pete Quaife – bassgitar, korvokal (utanom der andre er nemnde)
- John Dalton – bassgitar på «Little Miss Queen of Darkness»
- Mick Avory – trommer, perkusjon
- Nicky Hopkins – klaverinstrument, piano, harmonium på «Sunny Afternoon»
- Rasa Davies – korvokal på «Sunny Afternoon», «Session Man» og «Rainy Day in June»[1]
Salslister
endreÅr | Billboard | Cash Box | Record World |
---|---|---|---|
1966 | 135[5] | 57[5] | 47[5] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Face to Face (The Kinks album)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2009.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Stephen Thomas Erlewine (28. oktober 1966). «Face to Face – The Kinks , Awards». AllMusic. Henta 8. april 2018.
- ↑ «The Kinks Face to Face». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 8. juli 2017. Henta 8. april 2018.
- ↑ «The Kinks: Album Guide | Rolling Stone Music». rollingstone.com. Henta 8. april 2018.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 8. juli 2017, henta 8. april 2018
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Emlen, Dave. «International Chart Positions». Kindakinks.net. Henta 8. april 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Face to Face på Discogs (liste over utgjevingar)