Debrah Scarlett
Joanna Deborah Bussinger (fødd 20. juli 1993 i Basel i Sveits), kjend under artistnamnet Debrah Scarlett,[1][2] er ein norsk-sveitsisk songar og musikar.[3]
Debrah Scarlett | |||
| |||
Fødd | 20. juli 1993 (31 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Basel | ||
Opphav | Noreg, Sveits | ||
Aktiv | 2013– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, komponist |
Liv og virke
endreBakgrunn
endreScarlett vaks opp i Sveits og Noreg. Frå ho var seks til ho var ti år gammal budde ho med familien sin i Hakadal i Nittedal.[3]
Etter å ha flytta tilbake til Sveits reiste Scarlett mykje fram og tilbake mellom Sveits og Noreg. I 2013 deltok ho i The Voice – Norges beste stemme på norske TV 2, der ho kom til semifinalen.[4] Hausten 2014 flytta ho tilbake til Noreg for godt for å kunne starte ein musikkarriere der,[3] og i 2015 vann ho saman med Kjetil Mørland Melodi Grand Prix med låten «A Monster Like Me».[5]
Karriere
endreHausten 2013 deltok Scarlett i det norske talentprogrammet The Voice – Norges beste stemme, der ho prøvesong med låten «Make You Feel My Love». Scarlett ble med på laget til Sondre Lerche og kom til semifinalen. I løpet av sangkonkurransen covra ho Florence and the Machine, Rihanna, Sonny Bono og The Black Keys. Ho har seinare omtala deltakinga i programmet som ein «døropnar». «The Voice fikk i gang karrieren min og ble en døråpner. Etter det har jeg jobbet mye med musikken, og jeg har blitt eldre og mer selvsikker.»[4]
Hausten 2014 flytta Scarlett tilbake til Noreg, der ho mottok ein førespurnad frå artisten Kjetil Mørland om å bidra på ein song til Melodi Grand Prix.[6] Scarlett takka ja til tilbodet etter å ha lese songteksta.[7] Mørland ønskte ho som partner etter å ha sett ho i The Voice.[6][4] Songen heitte «A Monster Like Me» og vann Melodi Grand Prix i 2015 med 88 869 røyster. Songen vart dimed det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2015.[7] Songen handlar om å konfrontere noko uoppgjort frå fortida og å måtte gje slepp på den man elskar.[3] Både Adressa og Dagbladet roste stemma hennar og samanlikna Scarlett med den britiske songerinna Adele.[8][2] Songen gjekk vidare frå semifinalen 21. mai og var finalist nr. 9 i finalen 23. mai. Debrah Scarlett og Mørland enda på 8.-plass i den internasjonale finalen med 102 poeng.
5. august 2015 deltok Scarlet i NRK-programmet Sommeråpent der ho framførte «Always On My Mind» med Mørland. Ho deltok også i musikkprogrammet Beat for beat 4. desember 2015. Ho framførte «A Monster Like Me» saman med Mørland i Melodi Grand Prix 2016.[9]
Scarlett gav ut debutsingelen som soloartist, «To Figure», 26. februar 2016.[10] Den er komponert og skriven av Scarlett og vart gjeven ut utan platekontrakt.[11] Låten var ei blanding av fleire stilartar, og Scarlett ville ikkje vere «sjangerbunden». Den sveitsiske nettsida Blick.ch kalla låten «ein sterk ballade med djupn og mykje hjarte».[11] EP-en DYS(U)TOPIA vart gjeven ut 17. mars 2017 med singelen «Cynical Youth». Nico Schmied og Gregor Brändli regisserte musikkvideoen til singelen.[12]
Diskografi
endreEP-ar
endreTittel | Informasjon |
---|---|
DYS(U)TOPIA |
|
Phase I:XI |
|
Singlar
endreÅr | Tittel | Topplassering | Album | |||
---|---|---|---|---|---|---|
[13] |
[14] |
[15] |
[16] | |||
2015 | «A Monster Like Me» (med Mørland) | 23 | 17 | 92 | 45 | Make a Sail (Mørland) |
2016 | «To Figure» | – | – | – | – | N/A |
2017 | «Cynical Youth» | – | – | – | – | DYS(U)TOPIA |
2020 | «Dogma» | — | — | — | — | Phase I:XI |
«Slow Down» | — | — | — | — | ||
«Medusa» | — | — | — | — | ||
«Dreamer» | — | — | — | — |
Kjelder
endre- ↑ Elisabeth Johnsen (14. mars 2015). «Drømmen er en billett til Wien». Romerikes Blad. Henta 15. mars 2015.
- ↑ Hopp opp til: 2,0 2,1 Guro Havro Bjørnstad, Jonas Pettersen, Sveinung U. Ystad (14. mars 2015). «Mørland & Debrah Scarlett vant Melodi Grand Prix». Dagbladet. Henta 15. mars 2015.
- ↑ Hopp opp til: 3,0 3,1 3,2 3,3 Hege Bakken Riise (21. januar 2015). «Mørland & Debrah Scarlett». NRK. Henta 15. mars 2015.
- ↑ Hopp opp til: 4,0 4,1 4,2 Margrethe Miljeteig (14. mars 2015). «The Voice-Debrah vant hele Melodi Grand Prix». TV 2. Henta 15. mars 2015.
- ↑ Sigbjørn Høidalen (21. januar 2015). «Hakadøl i Melodi Grand Prix-finalen». Varingen. Arkivert frå originalen 11. desember 2015. Henta 15. mars 2015.
- ↑ Hopp opp til: 6,0 6,1 Arve Henriksen (15. mars 2015). «Kan vinne både for Norge og Sveits». Aftenposten. Henta 15. mars 2015.
- ↑ Hopp opp til: 7,0 7,1 «Melodi Grand Prix 2015 - Finale 14.03.2015». NRK TV. 14. mars 2015. Henta 15. mars 2015.
- ↑ Vegard Enlid (13. mars 2015). ««En tyrkershot av en låt»». Adressa. Henta 17. mars 2015.
- ↑ Stein Østbø (24. februar 2016). «MGP-Mørland synger for sin avdøde mor». Verdens Gang. Henta 26. februar 2016.
- ↑ Innlegg på Facebook 12. februar 2016. «Hey guys, two weeks from today my very first single drops.»
- ↑ Hopp opp til: 11,0 11,1 Von Angelika Meier (26. februar 2016). «Jetzt singt sie für die Schweiz» (på tysk). Blick.ch. Henta 26. februar 2016.
- ↑ «DEBRAH SCARLETT - Cynical Youth (Official Video)». YouTube. 2. mars 2017. Henta 5. januar 2018.
- ↑ Hung, Steffen. «Discography Mørland & Debrah Scarlett». Norwegian Charts Portal. Hung Medien (Steffen Hung).
- ↑ Hung, Steffen. «DiscographIe Mørland & Debrah Scarlett». Austrian Charts Portal. Hung Medien (Steffen Hung).
- ↑ Hung, Steffen. «Mørland & Debrah Scarlett». German Charts Portal. Hung Medien (Steffen Hung).
- ↑ Hung, Steffen. «Discographie Mørland & Debrah Scarlett». Swiss Charts Portal. Hung Medien (Steffen Hung).
- Denne artikkelen bygger på «Debrah Scarlett» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mars 2023.