Musikkgruppa Camel

(Omdirigert frå Camel)

Camel er eit engelsk progressivt rockeband skipa i Guildford i Surrey i 1971. Det vart leia av gitaristen Andrew Latimer, og har gjeve ut fjorten originale studioalbum og fjorten singlar, i tillegg til mange konsertalbum og DVD-ar. Musikken deira har ofte vore instrumental med hovudvekt på melodiar og i ein kombinasjon av rock, pop, jazz, blues, folk, klassisk og electronica.

Camel

Camel på scenen i 2003.
OpphavGuildford, Surrey, England
AktivSidan 1971
Sjanger
Plateselskap
Medlemmer
Tidlegare medlemmer

Bandet slo aldri gjennom hos dei store massane, men har hatt ein fast fanskare gjennom åra med album som Mirage, The Snow Goose og Moonmadness. Dei overlevde punkrocken og gjeekk mot ei meir jazzaktig og kommersiell retning, men tok ein sju år lang pause i midten av 1980-åra. Sidan 1991 har bandet vore sjølvstendig og gjeve ut mellom anna Dust and Dreams, Harbour of Tears og Rajaz på sitt eige selskap.

Dei har ikkje gjeve ut studioalbum sidan 2002, men har halde fram å turnere. Musikken deira har påverka fleire seinare artistar, som Marillion og Opeth.[1][2] Musikkjournalisten Mark Blake skildra Camel som «dei store usungne heltane frå 70-tals progrock».[1]

Historie endre

1970-åra endre

Andrew Latimer (gitar), Andy Ward (trommer) og Doug Ferguson (bass) hadde spelt som ein trio kalla The Brew kring Guildford i Surrey i England. Den 20. februar 1971, prøvespelte dei som bandet til songaren og låtskrivaren Phillip Goodhand-Tait og gav ut eit album med han i august 1971 kalla I Think I'll Write a Song for DJM Records. Dette vart det einaste albumet deira med Goodhand-Tait.[3] Dei henta inn Peter Bardens (klaverinstrument) og etter ein første konsert for å fullføre ein avtale Bardens hadde 8. oktober 1971 i Belfast i Nord-Irland under namnet 'Peter Bardens' On', endra dei namn til Camel. Den første konserten deira var i Waltham Forest Technical College i London som oppvarming for Wishbone Ash den 4. desember 1971.

I august 1972 signerte Camel kontrakt med MCA Records og gav ut det sjølvoppkalla debutalbumet Camel (1973) eit halvt år seinare. Plata vart ikkje ein suksess og bandet gjekk vidare til Deram Records-avdelinga Decca Records (Storbritannia).[4]

I 1974 gav dei ut et andre albumet sitt, det kritikarroste Mirage, der Latimer òg spelte fløyte. Sjølv om det ikkje gjorde det godt i heimlandet, vart det ein suksess på den amerikanske vestkysten, og bandet turnerte i tre månader der.[4]

I 1976 kom det instrumentale og orkestrerte konseptalbumet The Snow Goose ut, inspirert av Paul Gallico si novelle med same namn. Det vart gjennombrotet deira, men ikkje utan vanskar, i form av eit søksmål mot dei av Gallico. Fleire nettstader[5] skriv feilaktig at årsaka til dette var at Gallico «hata røyking» og meinte at bandet var knytt til sigarettmerket.[6] I røynda har Gallico sjølv skildra seg som ein «storrrøykar»[7] og han protesterte berre på bakgrunn av brot på opphavsretten.[6] Camel la så til 'Musikk inspirert av...' på framsida av plateomslaget og fjerna notata frå historia på baksida av omslaget.[5] Suksessen til albumet førte til at dei spelte i eit utseld Royal Albert Hall i London, med London Symphony Orchestra den 17. oktober 1975.

Det fjerde albumet deira, Moonmadness frå 1976, heldt fram suksessen, men var det siste med den originale besetninga. Mel Collinssaksofon og fløyte kom med på den påfølgjande turneen, og skulle spele med bandet dei neste åtte åra. Trommeslagaren Ward pressa bandet i ei meir jazzaktig retning, og dette kravet førte til at Ferguson slutta tidleg i 1977.[4][8] Ferguson vart med i bandet Headwaiter og vart seinare ein eigedomsutviklar.[9]

Både Snow Goose og Moonmadness har selt til sølvplate i Storbritania.[10]

Richard Sinclair (tidlegare i Caravan) erstatta Ferguson og Mel Collins vart medlem av bandet offisielt. Denne besetninga gav ut Rain Dances (1977) og Breathless (1978). Sistnemnde vart det siste albumet med Bardens, som annonserte at han slutta før den påfølgjande turneen. Han vart erstatta av to klaverspelarar: Dave Sinclair (syskenbarnet til Richard som òg hadde spelt i Caravan) og Jan Schelhaas (òg frå Caravan). Sinclair-slektningane slutta begge i bandet etter turneen og vart erstatta av klaverspelaren Kit Watkins og bassisten Colin Bass. Collins slutta òg som offisielt medlem av bandet på denne tida.

Denne besetninga spelte inn det meir kommersielle I Can See Your House from Here (1979), eit album som skapte problem for marknadsføringa på grunn av det uærbødige omslaget, som synte ein krossfesta astronaut som ser ned på jorda. Albumet var det mest varierte Camel hadde gjeve ut til då, og varierte frå den kjappe «Wait», til frodig orkestrering («Who We Are», «Survival») og lett, sequencer-driven electronica («Remote Romance») til den ti minuttar lange instrumentalen «Ice», med Latimer på emosjonell sologitar.

1980-åra endre

Camel vende attende til konseptalbumet for den neste innspelinga si: Nude (1981) og er basert på ei sann soge om ein japansk soldat (Hiroo Onoda) som vart funnen på ei øy mange år etter andre verdskrigen var over, utan at han var klar over at krigen var over. Duncan Mackay spelte det meste av klaverinstrumenta i staden for Watkins og Schelhaas, som var involverte i andre prosjekt, men dei kom attende for turneen. Dette var det første albumet med tekstar av den framtidige kona til Latimer, Susan Hoover. I midten av 1981 slutta Ward å spele trommer på grunn av alkohol- og narkotikamisbruk og Camel vart oppløyst i det stille. Fleire år seinare vart det avslørt at Ward hadde prøvd å ta sjølvmord.[11]

Utan eit band, men med ein kontrakt å oppfylle og etter press frå Decca om ein «hitsong», fekk Latimer med seg ei rekkje gjeste- og studiomusikarar, inkludert bassisten David Paton, songaren Chris Rainbow og gitaristen og klaverspelaren Anthony Phillips i Abbey Road studio tidleg i 1982. Resultatet vart albumet The Single Factor, langt unna den tidlegare progressive hardrockstilen deira, men det gjekk inn på nedre del av albumlistene og vart etterfølgd av ein suksessrik tiårsjubileumsturné med David Paton, Chris Rainbow, Kit Watkins, Stuart Tosh (trommer) and Andy Dalby (gitar) i tillegg til Latimer. Dette vart følgd av ein fem år lang rettsstrid med den tidlegare manageren deira om honorar.

Ton Scherpenzeel (frå det nederlandske progrockbandet Kayak) vart med Latimer som den nye klaverspelaren til Camel, i lag med Paul Burgess (frå 10cc) på trommer for Stationary Traveller i 1984. Colin Bass kom attende (for godt) for å fylle stillinga som bassist for turneen, der òg Chris Rainbow var med på kor- og stundom solovokal og noko klaverinstrument. Konsertane i Hammersmith Odeon vart filma og her hadde dei òg med seg ein ekstra klaverspelar, Richie Close (som døydde få år seinare av legionærsjukdom) i tillegg til gjesteframferder frå Peter Bardens og Mel Collins.

Etter det følgjande konsertalbumet Pressure Points seint i 1984, var kontrakt med Decca over. Latimer klarte ikkje å få kontrakt med andre britiske plateselskap og Camel forsvann raskt frå rampelyset. Latimet valde å flytte til Mountain View i California då søksmålet enda i hans favør.[12]

1990-åra endre

Etter ein sju år lang pause henta Latimet fram att namnet Camel og gav ut eit nytt album, Dust and Dreams, i 1991. Delar av det hadde alt blitt spelt inn attende i 1988, før Latimer flytta til USA og med alle medlemmane i den førre inkarnasjonen. Albumet, som var inspirert av den klassiske romanen til John Steinbeck, The Grapes of Wrath (1939), er hovudsakleg instrumentalt. Det kom ut på Latimer sitt eige Camel Productions og, medan noko av det var ein triumferande tilbakeblikk til dei progressive røtene deira, var det delar som var skuffande midt på treet.[13]

Fylskkrrekken til Scherpenzeel hindra han i stor grad å delta på turnear, så den tidlegare Mike Oldfield- og Fish-klaverspelaren Mickey Simmonds vart med Latimer, Bass og Burgess for comebackturneen deira i 1992. I 1993 kom det ut eit dobbelt konsertalbum frå turneen, spelt inn i Nederland, Never Let Go. I 1994 skipa dei tidlegare medlemmane Bardens og Ward bandet Mirage med medlemmar frå Caravan. I denne inkarnasjonen spelte dei ein kort europeisk turné med dei setlisste som bestod av fleire Camel-songar, men det vart etter korrt tid eit band leia av Barden utan andre frå Camel eller Caravan.

Inspirert av dødsfallet til faren, skreiv Latimer og Hoover Harbour of Tears (kallenamnet til Cobh), ei hamn i Irland der mange segla ut frå til USA under den store svelta i Irland mellom 1845 og 1852). Plata vart spelt inn som Camel og gjeve ut i 1996.

I 1997 turnerte Camel igjen vestkysten av USA, Japan og Europa (slik dei hadde gjort i 1992) med ei besetning som bestod av Latimer, Bass og ein ny trommeslagar, Dave Stewart, i lag med Foss Patterson på klaverinstrument. Turneen resulterte i konsertalbumet Coming of Age.

I 1999 spelte Latimer, Stewart, Bass og Scherpenzeel inn Rajaz. Det var ein spontan komposisjon inspirert av rytmen frå fotstega til kamelen som hjelper trøytte reisande å nå fram til destinasjonen sin. Latimer vart gripen av dette temaet og tok Camel attende til progrockrøtene.[14]

2000-åra endre

Trommeslagaren Stewart slutta i bandet då han fekk tilbode om å drive ein trommeforretning i Skottland, og vart erstatta av fransk-kanadiske Denis Clement på trommer, og Scherpenzeel slutta og vart erstatta av Guy LeBlanc på klaverinstrument. Latimer, Bass, LeBlanc og Clement turnerte så i Sør-Amerika i 2001.

I 2002 gav denne kvartetten ut A Nod and a Wink, der fløyta til Latimer dominerte. Albumet var dedisert til Peter Bardens, som døydde i januar 2002.

Etter nokre noko trøblete konsertturnear dei siste åra, annonserte Camel Productions at 2003-turneen kom til å bli den siste. Klaverspelaren Guy LeBlanc måtte slutta kort tid før konserten kom i gang fordi kona vart sjuk, og vart erstatta av Tom Brislin (i USA) og ein togreisande Ton Scherpenzeel (i Europa). Den amerikanske turneen inkluderte ein konsert på NEARfest, ein prestisjefylt progrockfestival.

Latimer byrja å arbeide med akustiske versjonar av gamle Camel-songar, men dette vart skrinlagd.[15] I 2006 prøvespelte Latimer som gitarist og vokalist for ein turné med Roger Waters, men Dave Kilminster fekk til slutt denne rolla.

I oktober 2006 flytta Latimer attende til Storbritannia med føremålet å spele inn og gje ut nye Camel-album frå heimlandet og fullføre eit prosjekt han starta i 2003 med Andy Ward og Doug Ferguson.[16][17]

I mai 2007 annonserte Susan Hoover via heimesida til Camel Productions og nyhendebrev at Andrew Latimer leid av den progressive blodsjukdomen polycytemia vera sidan 1992 som hadde utvikla seg til myelofibrose. Dette var dels årsaka til at Camel slutta å turnere. Latimer gjekk gjennom cellegiftbehandling og ein beinmargstransplantasjon i november 2007.[18]

2010-åra endre

Latimer svara godt på behandlinga og han medverka med gitarsoloar og vokal til David Minasian-albumet Random Acts of Beauty (august 2010).[19] I september 2010 annonserte Camel Productions at Latimer og Denis Clement hadde byrja å skrive songar til eit nytt Camel-album.

28. oktober 2013 framførte Camel heile The Snow Goose for første gongen sidan 1975 i Barbican Arts Centre i London.[20] Dei la så ut på ein turné i Europa. I tillegg gav bandet ut ei nyinnspeling av The Snow Goose den 4. november 2013.[21]

Camel la ut på ny turné i juli 2015 i Europa og heldt nokre konsertar i Japan i mai 2016. Nye konsertar vart halde i 2017.

Medverkande endre

Medlemmar endre

Medlemmar

Tidlegare medlemmar
  • Andy Ward – trommer, perkusjon (1971–1981)
  • Peter Bardens – klaverinstrument, vokal (1971–1978; død 2002)
  • Doug Ferguson – bass, vokal (1971–1977)
  • Mel Collinssaksofon, fløyte (1977–1979; turnerte 1976–1977)
  • Richard Sinclair – bass, vokal (1977–1979)
  • Jan Schelhaas – klaverinstrument (1978–1981)
  • Dave Sinclair – klaverinstrument (1978–1979)
  • Kit Watkins – klaverinstrument, fløyte (1979–1981; turnerte 1982)
  • Chris Rainbow – vokal, klaverinstrument (1982–1984; død 2015)
  • David Paton – bass, vokal (1982–1984)
  • Paul Burgess – trommer, perkusjon (1984–1992)
  • Richie Close - klaverinstrument (turnerte 1984; død 1991)
  • Mickey Simmonds – klaverinstrument (1991–1992)
  • Foss Patterson - klaverinstrument (turnerte 1997)
  • Dave Stewart – trommer, perkusjon (1997–2000)
  • Guy LeBlanc – klaverinstrument, vokal (2000–2015; død 2015)
  • Ton Scherpenzeelklaverinstrument (1984, 1991, 1999; turnerte 2003, 2014–2016)
  • Jason Hart – klaverinstrument, akustisk gitar, vokal (turnerte 2013–2016)

Tidslinje endre

Diskografi endre

Studioalbum endre

År Album Storbritannia[22] USA[23] Nederland[24] Noreg[25] Sverige[26] Spania Tyskland[27]
1973 Camel
1974 Mirage 149;  13 veker på lista
1975 The Snow Goose 22;  13 veker på lista 162;  5 veker på lista
1976 Moonmadness 15;  6 veker på lista 118;  13 veker på lista 26;  3 veker på lista 48;  2 veker på lista 21;  24 veker på lista
1977 Rain Dances 20;  8 veker på lista 136; 5 veker på lista 17;  1 veke på lista 30;  2 veker på lista 18;  4 veker på lista 49;  1 veke på lista
1978 Breathless 26;  1 veke på lista 134; 10 veker på lista 26;  1 veke på lista 40;  2 veker på lista
1979 I Can See Your House from Here 45;  3 veker på lista 208 18;  5 veker på lista 36;  1 veke på lista
1981 Nude 34;  7 veker på lista 11;  9 veker på lista 12;  10 veker på lista 24;  3 veker på lista 33;  2 veker på lista 65;  1 veke på lista
1982 The Single Factor 57;  5 veker på lista 10;  10 veker på lista 32;  5 veker på lista 30;  4 veker på lista
1984 Stationary Traveller 57;  5 veker på lista 16;  7 veker på lista 48;  1 veke på lista 33;  2 veker på lista
1991 Dust and Dreams 39;  9 veker på lista
1996 Harbour of Tears 58;  8 veker på lista
1999 Rajaz
2002 A Nod and a Wink
2013 The Snow Goose Re-recorded

Konsertalbum endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Blake, Mark (22. mars 2017). «Steve Rothery: «People still think Marillion are a Scottish heavy metal band»». Louder. Henta 7. november 2019. 
  2. Akerfeldt, Mikael (28. juli 2014). «Mikael Akerfeldt of Opeth Discusses Camel's 'Moon Madness'—The Record That Changed My Life». Guitar World. Henta 7. november 2019. 
  3. «Phillip Goodhand-Tait singer/låtskrivar». Pg-t.com. 25. mars 1979. Henta 7. november 2019. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Thomas, Stephen. «AllMusic Biography». AllMusic.com. Henta 7. november 2019. 
  5. 5,0 5,1 «The Snow Goose». Henta 7. november 2019. 
  6. 6,0 6,1 «CAMEL». Arkivert frå originalen 19. mai 2013. Henta 7. november 2019. 
  7. «It's Cheaper To Chop Up Pound Notes». Charleston Daily Mail: 6. 17. juli 1947. Henta 7. november 2019. 
  8. Zwebner, Ofir; Lasse Ødegård. «Frequently Asked Questions». Skylines – Camel Web Site. 
  9. Zwebner, Ofir. «Camel's members careers». Skylines – Camel Web Site. 
  10. «Certified Awards». Bpi.co.uk. Arkivert frå originalen 10. juli 2017. Henta 7. november 2019. 
  11. «Camel Timeline 1964–1981». Camelproductions.com. Henta 7. november 2019. 
  12. «Magenta Camel faq». Magenta.co.il. Henta 7. november 2019. 
  13. «last FM bio». Last.fm. 11. februar 2009. Henta 7. november 2019. 
  14. «Camel timeline 1982–2000». Camelproductions.com. Henta 7. november 2019. 
  15. «interview with Guy LeBlanc». YouTube.com. 20. april 2008. Henta 7. november 2019. 
  16. «Camel timeline 2000». Camelproductions.com. Henta 7. november 2019. 
  17. «YouTube Left Luggage». YouTube.com. Henta 7. november 2019. 
  18. «Camel News». Camelproductions.com. Henta 7. november 2019. 
  19. David Minasian (8. juli 2010). «David Minasian blog 26. oktober 2009». Davidminasian.blogspot.com. Henta 7. november 2019. 
  20. «Barbican Arts Centre site». Arkivert frå originalen 24. mars 2013. Henta 7. november 2019. 
  21. «Camel have re-recorded The Snow Goose». Camel Productions. Henta 27. september 2013. 
  22. «CAMEL | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 16. oktober 2019. 
  23. «Camel Chart History». Billboard.com. Henta 16. oktober 2019. 
  24. «Dutch Charts». Dutchcharts.nl. Henta 16. oktober 2019. 
  25. «Camel». VG-lista 2019. Henta 16. oktober 2019. 
  26. «Discografie Camel». Dutchcharts.nl. Henta 16. oktober 2019. 
  27. «Offizielle Deutsche Charts - Offizielle Deutsche Charts». Offiziellecharts.de. Henta 16. oktober 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Musikkgruppa Camel