Deir al-Asad
Deir al-Asad (hebraisk דֵיר אֶל-אַסַד; arabisk دير الأسد) er ein arabisk by i Galilea i Israel, nær Karmiel.[2] I 2003 vart kommunen Deir al-Asad slått saman med Majd al-Krum og Bi'ina til byen Shaghur, men då bykommuenn vart oppløyst i 2008 vart kommunen oppretta på ny. I 2011 var folketalet 8 000.[2]
Deir al-Asad | |||
דייר אל-אסד, دير الأسد | |||
lokal kommune | |||
Deir al-Asad, 2007
| |||
Namneopphav: Løveklosteret[1] | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | 32°56′11″N 35°16′19″E / 32.93639°N 35.27194°E | ||
Areal | 4,8 km² | ||
Folketal | 8 000 (2011) | ||
Folketettleik | 1 667 / km² | ||
Deir al-Asad 32°56′11″N 35°16′19″E / 32.936388888889°N 35.271944444444°E | |||
Kart som viser Deir al-Asad.
| |||
Wikimedia Commons: Deir al-Asad |
Historie
endreI krossfarartida var staden ein kristen busetnad, La Bana, med eit kloster kalla opp etter St. Georg i nærleiken. Då Det osmanske riket tok over, vart dei kristne drivne ut av sultan Suleiman I og etterkomarane deira slo seg sidan ned i den nærliggande busetnaden Bi'ina. Landområdet til den opphavleg kristne busetnaden og kloster vart gjeven av sultanen til sjeiken Al-Asad A-Zaffah frå Safed og sistnemnde grunnla den noverande landsbyen.
Deir al-Asad og den nærliggande Bi'ina var begge busette av drusarar då Victor Guérin vitja staden i 1875,[3] men seint i 1870-åra, hadde dei emigrert til Hauran for å unngå å verte innkalla i den osmanske hæren.[4] I Palestine Exploration Fund sin Survey of Western Palestine (SWP) i 1881 vart Deir al-Asad skildra som ein landsby med 600 muslimar og nokre ruinar av den originale kristne busetnaden. Han var omgjeven av oliventre og dyrkbar mark, med ei kjelde i nærleiken.[5]
Byen er hovudsakleg busett av familiane Asadi og Dabbah.
I folketeljinga i 1922, utført av Det britiske mandatet, hadde Dair al-Asad eit folketal på 749, alle muslimar.[6] I folketeljinga i 1931 hadde Deir al-Asad 858 muslimske innbyggjarar som budde i 179 hus.[7] I 1945 hadde Deir el Asad 1 100 innbyggjarar, all klassifisert som arabarar. Dei eigde i alt 8 366 dekar med land, medan 7 dekar var offentleg.[8] 1 322 dekar var plantasjar og irrigerte landområde, der 1 340 vart nytta til korn,[9] medan 38 dekar var utbygd (urbane) område.[10]
Før 1962 var landsbyen Deir al-Asad sjølvforsynt med mat. Det vart produsert nok kjøt, frukt, kveite og grønsaker og overskotet vart seld i Akko eller Nasaret. I 1962 vart landområde i Majd al-Kurum-dalen konfiskert for byprosjektet Karmiel, og landsbyen vart derfor strippa for dei mest frodige områda. Berre åslandet i nord, som hovudsakleg bestod av olivenlundar, vart verande i fred. Dette konfikserte landet ruinerte økonomien i Deir al-Asad. I dag driv berre 10 % av arbeidsstyrken på landområdet, og 80 % pendlar dagleg til fabrikkar i Haifa eller arbeider på jødiske gardar.[11][12]
Kjelder
endre- ↑ Palmer, 1881, s. 42
- ↑ 2,0 2,1 Lessons in an Arab Israeli Village[daud lenkje]
- ↑ Guérin, 1880, s. 446
- ↑ Firro, 1992, s. 166.
- ↑ Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 150
- ↑ Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Akko, s. 36
- ↑ Mills, 1932, s. 100
- ↑ Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970 s. 40[daud lenkje].
- ↑ Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 80[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 130[daud lenkje]
- ↑ Gilmour, 1983, s. 108.
- ↑ Amun, Davis, og San´allah, 1977, s. 4–5.
- Denne artikkelen bygger på «Deir al-Asad» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestina.
- Amun, H.; Davis, U.; San´allah, N. D. (1977). Deir al-Asad: The Destiny of an Arab Village in Galilee, in Palestinan Arabs in Israel: Two Case Studies. London: Ithaca Press.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1881). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 1. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Ellenblum, Ronnie (2003). Frankish Rural Settlement in the Latin Kingdom of Jerusalem. Cambridge University Press. ISBN 0521521874. (s. 167 - 169 )
- Firro, Kais (1992). A History of the Druze 1. BRILL. ISBN 9004094377.
- Gilmour, David (1983). Dispossessed: The Ordeal of the Palestinians. Storbritannia: Sphere Books.
- Guérin, Victor (1880). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestina (på fransk). 3: Galilea, pt. 1. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestina.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder and Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Petersen, Andrew (2001): A Gazetteer of Buildings in Muslim Palestine: Volume I (British Academy Monographs in Archeology)
- Pringle, Denys (1993), The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: A-K (excluding Akko and Jerusalem), Cambridge University Press