Majd al-Krum (arabisk skrift مجد الكروم, hebraisk מַגְ'ד אל-כֻּרוּם, Majd al-Kurum) er ein arabisk by i Øvre Galilea i Nord distrikt i Israel kring 16 kilometer aust for Akko. Namnet på landsbyen tyder «vakthuset ved vingarden»,[1] og syner til at byen er kjend for vindruene sine.[2] Berre muslimar er busett i byen. I 2009 hadde han eit folketal på kring 13 500.[3]

Majd al-Krum
מג'ד אל-כרום, مجد الكروم, Majd al-Kurum
lokal kommune
Hus i Majd al-Krum, 2007
Namneopphav: «Vakthuset ved vingarden»[1]
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°55′17″N 35°15′25″E / 32.92139°N 35.25694°E / 32.92139; 35.25694
Folketal 13 500  (2009)
Bystatus 1964
Kart
Majd al-Krum
32°55′17″N 35°15′25″E / 32.921388888889°N 35.256944444444°E / 32.921388888889; 35.256944444444
Wikimedia Commons: Majd al-Krum

Historie endre

Majd al-Krum er ein gammal stad på ei slette ved foten av Jabal Mahüz. Ein har funne ruinar frå antikken, inkludert cisterner hogge ut i berget.[4]

I følgje Jødisk leksikon er byen den same som «Beit HaKerem», ein jødisk by som er omtalt i Talmud. Det hebraiske namnet tyder det same som det arabiske.[5]

Osmansk tid endre

Han vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, Majd al-Krum var oppført i 1596 i osmanske skattelister som ein del av Akka nahiya i Safad Liwa. Han hadde eit folketal på 85 hushaldningar og fem ungkarar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliven eller frukttre, bomull, og geiter og/eller bikubar.[6]

I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin og skildra Majd al-Krum som ein stad delt i tre, kvar med sin eigen sjeik. Folketalet var 800 muslimar,[7] medan Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine i 1881 skildra han som ein landsby bygd av stein og omgjeve av oliventre og dyrkbar mark, busett av 600–800 muslimar.[8]

Under det britiske mandatet endre

 
Politifort under Det britiske mandatet i Majd al-Krum, 2008

I folketeljinga i 1922 hadde Majd al-Krum eit folketal på 889 — 885 sunnimuslimar, tre sjiamuslimar og ein kristen.[9] I folketeljinga i 1931 hadde Majd al-Krum 226 busette hus og eit folketal på 1 006 muslimar.[10] I 1945 hadde Majd al-Kurum 1 400 innbyggjarar, alle klassifisert som arabarar. Dei eigde i alt 17 828 dekar land, medan 2214 dekar var offentleg eigedom.[11]

Under arabararopprøret i Palestina 1936-39 mot Det britiske mandatstyret og den auka jødiske immigrasjonen, var Majd al-Krum ein av dei første landsbyane i Galilea som deltok i opprøret. Abu Faris frå landsbyen hevda han var den første personen som tok til våpen i Galilea under opprøret, og den første som fekk huset sitt øydelagd av britane som straff. Abu Faris vart nestleiar for opprøret i Galilea fram til 1938 då han nekta å utføre ein ordre om å avrette ein palestinsk-arabisk støttespelar av delingsplanen til Peel Commission for Palestina i ein jødisk og arabisk stat. Abu Faris reiste seinare frå Palestina til Libanon etter at den politiske leiaren for opprøret, Amin al-Husayni, gav ordre om å få han avretta.[12]

Krigen i 1948 og etterverknadane endre

Majd al-Krum vart erobra av israelske styrkar i oktober 1948 under Operasjon Hiram. Ei eining frå Den arabiske frigjeringshæren (ALA) som hadde vore stasjonert der, trekte seg frå landsbyen då israelarane nærma seg. Då han var på veg bort samla den irakiske leiaren for ALA innbyggjarane i landsbyen og foreslo at dei ikkje skulle flykte frå landsbyen, men i staden bli verande og overgje seg til israelske offiserar som dei kjende. Ei gruppe innbyggjarar i Majd al-Krum kontakta Haim Auerbach, ein israelsk etterretningsoffiser i Nahariya og han fekk arrangert overgjevinga av Majd al-Krum med lovnad om at det skulle skje utan skadar på landsbyen.[13]

Men den 6. november gjekk ein tropp frå den israelske hæren, som ikkje kvar klar over at landsbyen hadde overgjeve seg, inn i landsbyen og gjekk til åtak på dei andre israelske einingane som alt var der. Dei to sidene skjønte misforståinga etter ei kort eldutveksling, og den sistnemnde eininga vart erstatta av den innkomande eininga. Den nye eininga gav ordre til innbyggjarane om å gje frå seg våpna sine innan 30 minuttar, trass i att dei alt hadde overlevert våpna sine ei veke tidlegare. Før fristen gav den israelske kommandanten ordre om å øydeleggje eit hus og samla fem innbyggjarar, sette bind føre augo deira og skaut dei for å demonstrere at dei meinte alvor. Dei samla fem nye innbyggjarar som skulle skytast, men vart stoppa av ein kjend palestinsk-arabisk informant frå al-Damun, Shafiq Buqa'i. Buqa'i bad den israelske offiseren setje fri innbyggjarane og forklarte dei avtalen mellom landsbybuarane og Auerbach.[13]

I krigen i 1948 vart landsbyen Sha'ab i stor grad avfolka og dei fleste innbyggjarane slo seg ned i Majd al-Krum, somme permanent og andre for ei kortare tid.[14] Mange folk som flykta frå Majd al-Krum slo seg ned i Shatila flyktningleir i Libanon.[15] Ein tidlegare soldat frå landsbyen, Abed Bishr, leigde eit lite stykke jord utafor Beirut og grunnla Shatila flyktningleir og samla andre flyktningar frå Majd al-Krum der.[16]

Nyare tid endre

I 1960-åra konfiskerte Israel ein stor del av landområdet til Majd al-Krum for å danne byen Karmiel.[treng kjelde] Byen fekk status som lokal kommune i 1964.[17] I sentrum av Majd al-Krum ligg ein gammal brunn, ei kjelde, ei grav frå romartida og ruinar frå krossfarartida.[18]

I 1977 var det store demonstrasjonar mot regjeringa i Majd al-Krum og nærliggande landsbyar på grunn av øydelegginga av eit hus i Majd al-Krum nær vegen mellom Safed og Akko. Ein person vart drepen og fleire andre skadd då politiet prøvde å stoppe demonstrantane. Hendinga førte til at borgarmeisteren Muhammad Manna forlét Arbeidarpartiet og gjekk inn i Hadash-partiet. Manna vart så vald på ny i 1986.[19]

I 2003 vart Majd al-Krum i lag med dei nærliggande lokale kommunane Deir al-Asad og Bi'ina slått saman til byen Shaghur.[17] Under Libanonkrigen i 2006 over 40 Katyusha-rakettar landa i nærleiken av Shaghur, med den nærliggande byen Karmiel som det tilsynelatande målet. To menn frå Majd al-Krum mista livet då ein rakett fall ned nær dei.[20] Shaghur vart seinare delt inn i dei gamle kommunane att i 2009.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Palmer, 1881, s. 52
  2. Asser, Martin. Inside a palestinsk flyktning camp. BBC News. 2008-05-17.
  3. 3,0 3,1 Table 1 - Population of Localities Numbering Above 2 500 Residents. Israelsk statistisk sentralbyrå (ICBS). 2009.
  4. Dauphin, 1998, s. 662
  5. «Beit-Keremdalen» in «'Da'at', the Jewish Encyclopedia» site (he)
  6. Hütteroth og Abdulfattah, 1977, s. 191
  7. Guérin, 1880, s. 437-438, 444
  8. Conder og Kitchener, 1881, SWP I, s. 150.
  9. Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Akko, s. 36
  10. Mills, 1932, s. 101
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970 s.40[daud lenkje]
  12. Sverigeburg, 2003, s. 164-165.
  13. 13,0 13,1 Cohen, 2010, s. 105-106.
  14. Cohen, 2010, s. 100.
  15. Peteet, 2011, s. 113-114.
  16. Peteet, 2011, s. 114.
  17. 17,0 17,1 Gutterman, Dov. Local Council of Majd el-Kurum (Israel). Flags of the World.
  18. Jacobs, s. 240.
  19. Reiter, s. 79.
  20. Civilians under assault, Case Studies: Karmiel, Majd al-Kurum and Deir al-Assad Human Rights Watch. August 2007.

Bakgrunnsstoff endre