Den vande låtten

Den vande låtten er ein kjend lydarslått som har vore mykje nytta i Valdres, og som mest truleg har opphavet sitt i Øystre Slidre. I si mest kjende form er slåtten spela i tradisjon etter Ola Bøe og Torleiv Bolstad. Båe hadde slåtten frå Olav Moe som i si tur hadde lært han hjå spelemannen Ola Hamrisbrøta, eller Brøtaguten dei kalla. Han høyrde til i eit spelemannsmiljø som heldt til i omkrinsen av Volbu i Øystre Slidre. Brøtaguten er rekna som den eldste kjelda til slåtten. Mykje tyder på at dette er ein gamal brureslått, som har vore mykje nytta. At slåtten er vand tyder ikkje nett at han er vrien å spela, men like mykje at han er "vanleg", mest så kjend at han er heilt utspela. Ei variant er og skriven ned frå Nordhordland.

Det var vel Olav Moe som kalla slåtten "den vande". Namnet følgjer tradisjonslina etter han.

Nedskrifter endre

Hardingfeleverket syner ei anna tradisjonsline, som går frå spelemannen Gudbrand Istad til Ola Okshovd. Gudbrand Istad hadde slåtten etter spelemannen Jøger Kløpphøvd frå Volbu, som og høyrde til i miljøet kring Brøtaguten. Hardingfeleverket har gjeve slåtten nr 144.

  • a: Brurelåt frå Haus, etter Olai Antun, Haus [1][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1930 (B 64). Antun hadde slåtten etter far sin, Baste Antun. Gamle Antun fortalde at han skulle ha spela denne slåtten for Karl XV i Bergen: Jamisæl spelte eg deidne slått eidn gong på engjæ i bydn (Bergen) åt kong Karl, å gjentna danste so sylvbeltæ fauk i veggjena. Slåtten har mange av dei same taka som forma etter Gudbrand Istad.