Denise Lewis (fødd 27. august 1972) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå West Bromwich. Ho vart olympisk meister i sjukamp i 2000, i 1998 vart ho europameister i same øvinga. I tillegg vann ho to gullmedaljar i samveldeleikar, to VM-sølv og ein OL-bronse.

Denise Lewis


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 27. august 1972 (51 år)
West Bromwich
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Samveldeleikane 1994

Utmerkingar

offiser av Den britiske imperieordenen, kommandør av Order of the British Empire

Aktiv endre

Lewis fekk sitt internasjonale gjennombrot då ho oppnådde 6 325 poeng og vann sjukampen ved samveldeleikane 1994 i Victoria i den kanadiske delstaten British Columbia. Året etter enda ho på sjuandeplassen i friidretts-VM 1995. Under dei olympiske leikane i Atlanta i 1996 lukkast ho vinne bronsemedaljen.

Dei to neste sesongane steig Lewis begge åra ein plass opp på sigerspallen. Ho tok sølvmedaljen i sjukampen under VM 1997, einast tyske Sabine Braun plukka fleire poeng, medan det vart gullmedaljar både ved friidretts-EM 1998 i august og samveldeleikane i Kuala Lumpur i september 1998. Ved VM i friidrett 1999 måtte ho sjå seg slått av Eunice Barber, som representerte Frankrike.

Sommaren 2000 var Lewis i sitt livsform, og sette i slutten av juli månad personleg rekord med 6 831 poeng under mangekampstemnet i Talence i Frankrike. Åtte veker seinare opplevde ho høgdepunktet på friidrettsarenaen då ho vann gullmedaljen i sjukamp under Sommar-OL 2000 i Sydney. Ho stod over VM 2001 grunna skade, og EM 2002 grunna fødsel. I 2003 kom ho på femteplass under friidretts-EM, og i 2004 braut ho sjukampen i OL etter fem øvingar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre