Opna hovudmenyen

Sabine Braun (fødd 19. juni 1965) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Essen som internasjonalt tevla i mangekamp for Vest-Tyskland og seinare det samla Tyskland. Ho vann to EM-gull og like mange VM-gull i sjukamp i tida 1990-97, i tillegg sikra ho seg VM-sølv, EM-sølv og OL-bronse i same øvinga. Brauns personbeste på 6 985 poeng er frå 1992.

Sabine Braun
Fødd 19. juni 1965
Essen
Yrke friidrettsutøvar

AktivEndra

Braun deltok i fleire meisterskap før ho i 1990 fekk sitt gjennombrot med 6 688 poeng og gullmedalje i sjukampen ved friidretts-EM i Split. Året etter vann ho ein suveren siger i sjukampen under verdsmeisterskapen i Tokyo. I OL-sesongen 1992 oppnådde 6 985 poeng ved mangekampstemnet i Götzis, tysk rekord også i 2016. Under Sommar-OL 1992 i Barcelona vann ho bronsemedaljen, verdsrekordhaldar Jackie Joyner-Kersee frå USA tok gullmedaljen og Irina Belova frå Russland fekk sølvet. Ved friidretts-VM 1993 i Stuttgart vann Braun sølvmedaljen, då einast 40 poeng etter gullmedaljør Jackie Joyner-Kersee.

I 1994 lukkast Braun å vinne sjukampen under friidretts-EM i Helsinki, trass i at ho stoppa på 6 419 poeng. Tre år seinare plukka ho over 6 700 poeng ved VM 1997, og tok gullmedaljen med 85 poengs margin til Denise Lewis frå Storbritannia. Ved dei tre neste store meisterskapane, åra 1998-2000, var ho alle tre åra med i medaljestriden i sjukamptevlinga, utan å kome på sigerspallen.

Derimot lukkast Braun å vinne sølvmedaljen då EM i friidrett 2002 fann stad i München, einast den nye mangekampsdronninga, svenske Carolina Klüft, sanka fleire poeng gjennom tevlinga. 37 år gamle Braun la deretter opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra