Dennis Vareide

norsk youtubar

Dennis Mikal Stabell Vareide (fødd 25. april 1990) er ein norsk youtubar, realitydeltakar og programleiar.

Dennis Vareide

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. april 1990 (34 år)
Harstad kommune
Yrke youtubar, realitydeltaker, manusforfattar
Språk norsk
Dennis Vareide på Commons

Biografi

endre

Saman med Preben Fjell stod han bak kanalen «PrebzOgDennis», ein YouTube-kanal med over 250 000 abonnentar og 209 millionar avspelingar per 1. mai 2020.[1]

Vareide gjekk film- og fotolinja ved Jeløy Folkehøyskole i 2010.[2]

Vareide vart kjend i 2010 då han lasta opp ein trailer for videospelet Minecraft som vart den offisielle traileren til spelet og har over 150 millionar avspelingar per 3. januar 2021,.[3] Vareide laga seinare ein ny trailer for spelet som overtok som den offisielle traileren i mange år.

August 2017 hadde filmen Prebz og Dennis: The Movie premiere. Filmen følgjer Prebz og Dennis gjennom diverse stunt og påfunn. 15. januar 2018 lanserte Vareide boka Kongen av Gutterommet saman med Webjørn S. Espeland.[4] I boka vart det klart at Vareide og dei andre bak kanalen «Prebz og Dennis» gjekk vidare til andre prosjekt, og at produksjon på kanalen ville bli lagd ned i mars 2018.[5] Han lastar framleis opp videoar til sin eigen kanal «Dennis Vareide» i tillegg til gamingkanalen «Mikal», som per 25. desember 2020 hadde 107 000 abonnentar og 17 700 600 visingar. Han jobba tidlegare som vaktsjef i NRK og teknologireporter i TV 2.[6]

Media

endre

Vareide var deltakar i 2. sesong av reality-programmet Farmen kjendis, som gjekk på TV 2, og vart vald som førstekjempe fjerde veke, men tapte mot Stian Thorbjørnsen i øksekast.[7]

I oktober 2017 gjekk Dennis Vareide til sivilt søksmål for ærekrenking mot Benjamin Foss, kjend som Tappelino.[8] Saka gjekk i Oslo tingrett i januar 2018 og måtte haldast i sal 250 på grunn av mange frammøtte tilskodarar.[9] Foss prosederte sjølv og meinte det var fordi han ikkje har råd til forsvarar. Advokat for Vareide var Jon Wessel-Aas.[10] Dommar var Kim Heger.[9] Oslo tingrett dømde saksøkte for ærekrenkingar og til å betala oppreisning på 50 000 kroner i tillegg til saksomkostingar på 90 000 kroner. Retten la vekt på at det på ingen måte gjaldt andre juridiske reglar for den typen videoar eller for YouTube eller andre sosiale medium generelt og at ein ikkje kunne komma unna å urettmessig skulda nokon for straffbare forhold under dekke av at det var satire.[11]

Vareide deltok våren 2019 i TV 2-programmet Kjendis søker kjæreste. I 2021 deltok han i sesong 17 av Skal vi danse på same kanal.[12]

Kjelder

endre
  1. «PrebzOgDennis». Henta 13. oktober 2017. 
  2. «Youtube: Mitt liv tegnet.» Besøkt 21. juni 2018
  3. TeamMojang (6. desember 2011). «Official Minecraft Trailer». Henta 3. januar 2021. 
  4. «Prebz og Dennis: The Movie». 9. august 2017. Henta 30. desember 2020. 
  5. «Prebz og Dennis gir seg - legger ned YouTube-kanalen» (på norsk). 
  6. «Dennis Vareide» (på norsk bokmål). Henta 13. mai 2018. 
  7. «Disse kjendisene er klare for «Farmen»: - Jeg eier ikke skam». Dagbladet.no (på norsk). 27. mai 2017. 
  8. Johannessen, Stian Øvrebø (21. desember 2017), «Youtube-stjernen Dennis Vareide tar mann til retten – krever 130.000 kroner for ærekrenkelser», www.dn.no, henta 14. april 2022 
  9. 9,0 9,1 Tolfsen, Caroline Bergli (12. januar 2018), «YouTube-saken: Dømt til å betale 140.000 kroner», NRK (på norsk bokmål), henta 14. april 2022 
  10. Holm-Nilsen, Sverre (5. januar 2018), «Youtube-Dennis i retten: – Det du lager er patetisk innhold», NRK (på norsk bokmål), henta 14. april 2022 
  11. Klungtveit, av Harald S. (12. januar 2018), «6 punkter fra dommen: Derfor vant Youtube-Dennis rettssaken mot «Tappelino»», Filter Nyheter (på norsk bokmål), henta 14. april 2022 
  12. «Disse er med i årets «Skal vi danse» | TV 2», kommunikasjon.ntb.no (på norsk), henta 14. april 2022 

Bakgrunnsstoff

endre