Familie- og forbrukardepartementet
Familie- og forbrukardepartementet er eit tidlegare norske departement.
1956-1972
endreFamilie- og forbrukardepartementet vart først oppretta 21. desember 1956 under Regjeringa Gerhardsen III.
Aase Bjerkholt var den første statsråden i departementet. Ho hadde då vore konsultativ statsråd for familie- og forbrukarsaker sidan 1. august 1955.
Departementet vart lagt ned den 7. mai 1972, under Regjeringa Bratteli I. Dåverande statsråd Inger Louise Valle blei den første statsråden i det nyoppretta Forbrukar- og administrasjonsdepartementet.
1990
endreUnder Regjeringa Syse vart det på nytt oppretta eit departement med namnet Familie- og forbrukardepartementet, med verknad frå 1. januar 1990. Forbrukar- og administrasjonsdepartementet vart lagt ned 31. desember 1989, og administrasjonssakene i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet vart frå denne datoen overført til det nyoppretta Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Det nye Familie- og forbrukardepartementet vart lagt ned allereie 31. desember 1990, under Regjeringa Brundtland III, og arbeidsoppgåvene overført til det nye Barne- og familiedepartementet.
Historie
endreDepartementet har fleire gongar skifta namn og delvis oppgåver.
- Forbrukar- og administrasjonsdepartementet 8. mai 1972 - 31. desember 1989
- Familie- og forbrukardepartementet 1. januar 1990 - 31. desember 1990
- Barne- og familiedepartementet 1. januar 1991 - 31. desember 2005
- Barne- og likestillingsdepartementet 1. januar 2006-