Opna hovudmenyen
Desire
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 5. januar 1976
Innspelt 14. til 31 juli, 11. august og 24. oktober 1975
Sjanger Folkrock
Lengd 56:13
Selskap Columbia
Produsent Don DeVito
Bob Dylan-kronologi
The Basement Tapes
(1975)
Desire Hard Rain
(1976)


Desire er det 17. studioalbumet til Bob Dylan. Det kom ut på Columbia Records i januar 1976.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Robert Christgau(B−)[2]
Entertainment WeeklyB−[3]
Rolling Stone(positiv)[4]

Albumet er eit av dei mest samarbeidsprega verka til Dylan og han hadde med seg dei same musikarane som han hadde nytta på Rolling Thunder Revue-turneane året før. På mange av songane syng den då ukjende Emmylou Harris korvokal. Det meste av albumet vart skriven i lag med Jacques Levy og består av songar med lange soger. To av songane skapte raskt kontroversar, den over 11 minuttar lange «Joey», som vert sett på som ei glorifisering av den valdelege gangsteren «Crazy Joey» Gallo og «Hurricane», opningssporet som på lidenskapleg vis fortel soga om boksaren Rubin Carter, som songen hevdar vart uskuldig dømt for mord. Carter vart lauslaten i 1985 etter at ein dommar gjorde om dommen hans.

Desire vart ein oppfølgjar til Blood on the Tracks og nådde 1. plassen på Billboard si popalbumliste, der det låg i fem veker. Det vart eit av dei bestseljande albuma til Dylan og nådde òg 3. plassen i Storbritannia og 4. plassen i Noreg. Musikkmagasinet NME kåra albumet til årets album. I 2003 plasserte magasinet Rolling Stone albumet på 174. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Innhaldsliste

BakgrunnEndra

Desire kom ut i ein pause i Rolling Thunder Revue-turneen. Fram til 1975 hadde Dylan spelt med mange forskjellige band, men desse gruppene hadde hovudsakleg vorte sett saman av andre. The Hawks (som seinare vart The Band) hadde spelt i lag i fleire år før dei møtte Dylan.

Dylan ønskte å danne sitt eige band, som seinare vart kjend som Rolling Thunder Revue. Han fekk ideen då han såg Patti Smith og bandet hennar spele ved The Other End (tidlegare og på denne tida kalla The Bitter End) den 26. juni 1975. Smith hadde ikkje gjeve ut det første albumet sitt enno, men trekte til seg mykje merksemd frå musikkpressa og industrien. Dylan vart slått av den gode kjemien mellom Smith og resten av bandet hennar, og ønskte å skipe sitt eige band.

InnspelingarEndra

Dylan byrja å arbeide på fleire nye songar i 1975, og ein gong seint i juni medan han vart køyrt rundt i limousinen sin i ein landsby, såg han Scarlet Rivera som gjekk med fiolinkassen sin. Dylan stoppa ved sidan av ho og inviterte ho til studioet sitt. Rivera spelte fiolin med Dylan på fleire av dei nye songane, og Dylan inviterte ho seinare med på albumet.

Utover sommaren voks samarbeidet mellom Dylan og Jacques Levy. Levy var då mest kjend for «Chestnut Mare», eit samarbeid med Roger McGuinn som etter kvart vart ein av dei siste hittane til The Byrds. Levy skreiv hovudsakleg tekst, med idear frå Dylan..

Dylan starta ei innspeling den 14. juli for å spele inn songane han hadde skriven i lag med Levy. På denne tida var ikkje Rolling Thunder Revue danna enno. Han vart derfor akkompagnert av Scarlet Rivera og fleire studiomusikarar. Dylan var misnøgd med resultatet og vart ytterlegare oppmuntra til å danne sitt eige band.

To veker seinare, den 28. juli, gjekk Dylan i studio att med 21 musikarar. Dylan ønskte å spele inn songane live, medan den uerfarne produsenten Don DeVito plasserte for mange instrument på same lydspor, slik at det sidan vart nær umogeleg å mikse songane. Eric Clapton var ein av fem gitaristar på denne innspelinga. Neil Hubbard, som var på innspelinga, følte det var for mange musikarar til stades, og det same gav Clapton uttrykk for.

Dagen etter gjekk Dylan i studio igjen med om lag halvparten av musikarane, mellom anna Rob Stoner, Scarlet Rivera, Emmylou Harris, Hugh McCracken og Vinnie Bell, samt saksofonisten Mel Collins og perkusjonisten Jody Linscott frå bandet Kokomo. Dei klarte å få ned songen «Oh, Sister», medan resten vart rekna som for dårleg.

Kvelden 30. juli 1975 nytta Dylan enno færre musikarar, inkludert Stoner, Rivera, Harris og trommeslagaren Howie Wyeth. Denne gruppa danna kjernen i Rolling Thunder Revue. Eit brukbart opptak av «Isis» vart spelt inn på første forsøk. Både Dylan og Stoner var nøgd med innspelinga og dei skjønte at det meir intime lydbiletet dei oppnådde her var vegen å gå.

Fem av dei ni songane frå Desire vart spelt inn på denne innspelinga, mellom anna det endelege opptaket av «Hurricane». Kvelden etter spelte Dylan inn det endelege opptaket av «Isis», «Abandoned Love» og «Sara». Kona til Dylan, Sara, var tema i songen med same namn.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Bob Dylan og Jacques Levy, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Hurricane»   8:33
2. «Isis»   6:58
3. «Mozambique»   3:00
4. «One More Cup of Coffee (Valley Below)» (Dylan) 3:43
5. «Oh, Sister»   4:05
Side to
# Tittel Lengd
6. «Joey»   11:05
7. «Romance in Durango»   5:50
8. «Black Diamond Bay»   7:30
9. «Sara» (Dylan) 5:29

MedverkandeEndra

MusikararEndra

TekniskEndra

SalslisterEndra

År Liste Plassering
1976 Australske Kent Music Report 1
Billboard 200[5]
Den tyske albumlista[6] 11
UK Albums Chart[7] 3

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[8] Platina 100 000^
Frankrike (SNEP)[9] 2× Gull 578,800 [10]*
Tyskland (BVMI)[11] Gull 250 000^
Nederland (NVPI)[12] Platina 100 000^
Storbritannia (BPI)[13] Platina 300 000^
USA (RIAA)[14] 2× Platina 2 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Desire av Bob DylanAllmusic. Henta 29. november 2018.
  2. Christgau, Robert. «Bob Dylan > Consumer Guide Reviews». Robert Christgau. Henta 29. november 2018. 
  3. Flanagan, Bill (29. mars 1991). «Dylan Catalog Revisited». Entertainment Weekly (59). Henta 29. november 2018. 
  4. Marsh, Dave (11. mars 1976). «Bob Dylan Desire > Album Review». Rolling Stone (208). Arkivert frå originalen den 2007-04-29. Henta 29. november 2018.  Posted on 17. juni 1997.
  5. Desire - Bob Dylan > Charts & Awards > Billboard AlbumAllmusic. Henta Mal:Date.
  6. «Bob Dylan» (på tysk). Charts.de. 
  7. «Official Albums Chart Top 60 – 01. februar 1976 - 07. februar 1976». Official Charts Company. 
  8. «Canadian album salstrofé – Bob Dylan – Desire». Music Canada. 
  9. «French album salstrofé – Bob Dylan – Desire» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  10. Lesueur, InfoDisc, Daniel Lesueur, Dominic Durand,. «InfoDisc : Les Meilleurs Ventes d'Albums "Tout Temps" (33 T. / Cd / Téléchargement)». www.infodisc.fr. Henta 4. april 2018. 
  11. «Gold-/Platin-Datenbank (Bob Dylan; 'Desire')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  12. «Dutch album salstrofé – Bob Dylan – Desire» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 5. august 2018. 
  13. «British album salstrofé – Bob Dylan – Desire». British Phonographic Industry.  Enter Desire in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  14. «American album salstrofé – Bob Dylan – Desire». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
    • Original Seeds Vol. 2, CD liner notes by Kim Beissel, 2004, re Nick Cave og Dylan.