Close to You av The Carpenters
Close to You Studioalbum av The Carpenters | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. august 1970 | |
Innspelt | 1970 | |
Sjanger | Pop, easy listening, adult contemporary | |
Lengd | 38:35 | |
Selskap | A&M | |
Produsent | Jack Daugherty | |
The Carpenters-kronologi | ||
---|---|---|
Offering/Ticket to Ride (1969) |
Close to You | Carpenters (1971) |
Singlar frå Close to You | ||
|
Close to You er det andre albumet til The Carpenters. Det kom ut i august 1970. I 2003 vart albumet rangert på 175. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[1] Albumet inneheldt hitsinglane «(They Long to Be) Close to You» og «We've Only Just Begun». «(They Long to Be) Close to You» var den første store hitten til duoen og gjorde Carpenters kjend over store delar av verda. Albumet toppa salslista i Canada og nådde andreplassen i USA på Billboard-lista. Albumet gjorde òg suksess i Storbritanni og låg inne på topp 50 der i 76 veker i 1970-åra.
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
The Rolling Stone Album Guide | [3] |
Allmusic si melding rekna Close to You som «eit overraskande sterkt album», og trekte særleg fram dei originale Richard Carpenter-songane «Maybe it's You», «Crescent Noon» og «Mr. Guder», og skildra dei som glimrande døme på stemma til Karen Carpenter og talentet Richard hadde for arrangement.[2]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «We've Only Just Begun» | Roger Nichols, Paul Williams | 3:04 |
2. | «Love Is Surrender» | Ralph Carmichael | 1:59 |
3. | «Maybe It's You» | John Bettis, Richard Carpenter | 3:09 |
4. | «Reason to Believe» | Tim Hardin | 3:02 |
5. | «Help» | John Lennon, Paul McCartney | 3:02 |
6. | «(They Long to Be) Close to You» | Burt Bacharach, Hal David | 4:34 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Baby It's You» | Bacharach, Mack David, Barney Williams | 2:50 |
8. | «I'll Never Fall in Love Again» | Bacharach, H. David | 2:56 |
9. | «Crescent Noon» | Bettis, Carpenter | 4:09 |
10. | «Mr. Guder» | Bettis, Carpenter | 3:17 |
11. | «I Kept On Loving You» | Nichols, P. Williams | 2:13 |
12. | «Another Song» | Bettis, Carpenter | 4:22 |
Lister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Medverkande
endre- Produsent: Jack Daugherty
- Arrangement og orkestrering: Richard Carpenter
- All vokal: Karen og Richard Carpenter
- Trommer: Karen Carpenter og Hal Blaine
- Klaverinstrument: Richard Carpenter
- Bass: Joe Osborn og Danny Woodhams
- Blåseinstrument: Jim Horn, Bob Messenger, Doug Strawn
- Lydteknikar: Ray Gerhardt and Dick Bogert
- Kunstarisk leiar: Tom Wilkes
- Fotografi: Kessel/Brehm Photography
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Close to You (The Carpenters album)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 175) Close to You : Rolling Stone, arkivert frå originalen 1. oktober 2007, henta 3. februar 2015
- ↑ 2,0 2,1 Eder, Bruce. Close to You av The Carpenters på Allmusic. Henta 2012-02-02.
- ↑ Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 140. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «Top Album/CDs - Volume 14, No. 19, 26. desember 1970». RPM. Henta 3. oktober 2011.
- ↑ «- Yamachan Land (Archives of the Japanese record charts) - Album Chart Daijiten - Carpenters» (på japansk). 30. desember 2007. Arkivert frå originalen 11. november 2007. Henta 14. september 2011.
- ↑ «Chart Stats - Carpenters - Close to You». UK Album Chart. Henta 3. oktober 2011.
- ↑ «allmusic ((( Close to You > Charts & Awards > Billboard Album )))». allmusic.com. Henta 1. april 2011.
- ↑ 1971 Year-end Album - The Billboard Pop Album. Henta 3. oktober 2011.
176: Rocks Aerosmith |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 175 Close to You The Carpenters |
174: Desire Bob Dylan |