Diamond Harbour på New Zealand

Diamond Harbour er ein liten busetnad på Bankshalvøya i Canterbury-regionenNew Zealand. Han ligg på nordsida av halvøya, på den sørlege breidda til Lyttelton Harbour, og er administrativt ein del av byen Christchurch.

Diamond Harbour
Te Waipapa (maori)
by
Land  New Zealand
Folketal 1 389  (2006[1])
Tidssone +12
Kart
Diamond Harbour på New Zealand
43°37′44″S 172°43′54″E / 43.628777777778°S 172.73155555556°E / -43.628777777778; 172.73155555556
Wikimedia Commons: Diamond Harbour, New Zealand

Namnet vert brukt ikkje berre på sjølve Diamond Harbour, men òg på dei nærliggjande busetnadane Church Bay, Charteris Bay og Purau. Ved folketeljinga i 2006 hadde området eit innbyggjartal like under 1 400.

Ei ferje bind Diamond Harbour saman med Lyttelton, på nordsida av hamna.[2] Saman med bussar frå Lyttelton til Christchurch tillèt ho innbyggjarar i Diamond Bay å pendla til byen.

Enno står den originale hytta og det seinare gardshuset til Mark Stoddart, den tidlege nybyggjaren som namngav bukta etter glitringa av solskinet i vatnet.[3]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Diamond Harbour på New Zealand