Dimi Mint Abba
Dimi Mint Abba (25. desember 1958–4. juni 2011) var ein mauritansk musikar.[1]
Dimi Mint Abba | |||
Fødd | 25. desember 1958 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tidjikja | ||
Død | 4. juni 2011 (52 år) | ||
Dødsstad | Rabat | ||
Fødenamn | Loula Bint Siddaty Ould Abba arabisk ديمي منت آبا | ||
Opphav | Mauritania | ||
Aktiv | 1976–2011 | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | World Circuit | ||
Verka som | songar, låtskrivar, skribent |
Bakgrunn
endreLoula Bint Siddaty Ould Abba blei fødd i Tidjikja i Mauritania i 1958.[2] Begge foreldra til Dimi var musikarar og faren hennar hadde blitt beden om å komponere den mauritanske nasjonalsongen.
Karriere
endreDimi Mint Abba byrja å spele musikk alleride i ein tidleg alder. Hennar profesjonelle musikalske karriere byrja i 1976, då ho song på radioen og ho konkurrerte i Umm Kulthum Contest i Tunis.[1] Hennar fyrste internasjonale utgjeving blei gjeven ut av plateselskapet World Circuit, etter innstilling frå Ali Farka Touré. På dette albumet blei ho ledsaget av sin mann Khalifa Ould Eide og sine to døtrer. Seinare har ho komponert fleire berømte og populære mauritanske låtar som «Hailala» og «Koumba bay bay».
Dimi Mint Abba døydde i juni 2011 i Casablanca i Marokko av ein intracerebral hjernebløding.[3] Hennar død blei skildra som eit «nasjonalt tap» av Mohamed Ould Abdel Aziz, tidlegare president i Mauritania.[1]
UNESCO har teke med Dimi Mint Abba på si oversikt over kvinner som har hatt noko å seia for afrikansk historie.[4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Dimi Mint Abba: Musician known as 'la diva du désert' and hailed by Ali Farka Touré as Africa's greatest singer». The Independent. 17. juni 2011.
- ↑ «Dimi Mint Abba | Mauritanian musician and singer». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 24. mai 2018.
- ↑ Robin Denselow (9. juni 2011). «Dimi Mint Abba obituary». The Guardian.
- ↑ «UNESCO Women in Africa History | Women». en.unesco.org. Henta 4. november 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Dimi Mint Abbag» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mars 2024.