Dingxi
Dingxi (kinesisk: 定西市; pinyin : Dìngxī Shì) er eit byprefektur aust i provinsen Gansu i den vestlege delen av Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 20 300 km² og hadde 2 698 622 ibuarar i 2010.
Byprefekturet Dingxi omfattar eitt distrikt (区 qū) og seks fylke (县 xiàn).
Prefekturet ligg øvst i Wei He-dalen. I området er gjort ei rekke arkeologiske funn som går tilbake til ulike tidlege steinalderkulturar.
Næringsliv
endreLandbruk og råvarebaserte industriar er grunnleggjande for økonomien i Longnan.
Samferdsle
endreDingxi er ein stoppestad for toga på Longhaibana, Kinas viktigaste aust/vest-gåande jarnbanelinje, som går frå Lianyungang til Lanzhou via mellom andre Xuzhou, Kaifeng, Zhengzhou, Luoyang og Xi'an.
Kinas riksveg 312 går gjennom området. Han fører frå Shanghai og endar på grensa mot Kasakhstan, og passerer mellom andre Suzhou, Nanjing, Hefei, Xinyang, Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan og Urumqi.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dingxi» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2012.