Byen Djibouti

(Omdirigert frå Djibouti by)

Djibouti (utt. dʒibˈu:ti) er hovudstaden og den største byen i republikken Djibouti i Aust-Afrika. Han ligg på ei halvøy mellom Tadjourabukta og Adenbukta nær innlaupet til Raudehavet. I 2018 hadde byen 603 900 innbyggjarar.

Djibouti
جيبوتي‎
hovudstad
Offisielt namn: arabisk جيبوتي‎, fransk Ville de Djibouti
Land  Djibouti
Høgd m
Folketal 603 900 (2018)[1]
Grunnlagd 1888
Tidssone UTC +3
Kart
Byen Djibouti
11°35′42″N 43°08′53″E / 11.595°N 43.148055555556°E / 11.595; 43.148055555556
Kart som viser Byen Djibouti.
Kart som viser Byen Djibouti.
Kart som viser Byen Djibouti.
Wikimedia Commons: Djibouti (city)

Historie

endre

Byen Djibouti vart grunnlagd i 1888, og vart i 1892 gjort til hovudstad i Fransk Somaliland i staden for Tadjoura. Mellom 1967 og 1977 var byen hovudstad i det franske Afar- og Issar-området før han vart hovudstad i republikken Djibouti i 1977.

Transport

endre

Djibouti er ein viktig handelsby, og hamna har store anlegg for forsyningar og bunkring. Hamna vert også brukt til fiske og ferjeruter herifrå til Tadjoura og Obock. Det går også jarnbane frå byen til Addis Abeba i Etiopia, noko som er svært viktig for økonomien til byen. Den internasjonale lufthamna Ambouli ligg også i byen.

I Djibouti finst også eit akvarium, ein stor marknadsplass, nasjonalstadionet Stade du Ville, presidentpalasset i landet og Hamoudi-moskéen.

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «The CIA World Factbook». 17. oktober 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Byen Djibouti