Dompap
Dompapen (Pyrrhula pyrrhula) er ein fugl i finkefamilien. Han er om lag 16 cm lang, og veg rundt 21 gram. Fuglen heldt til i Europa og tempererte Asia, hovudsakleg som standfugl, men nokre nordlege fuglar trekk sørover om vinteren.[2]
Dompap | |
Dompaphann (øvst) og ho. | |
Læte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av dompap | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Finkefamilien Fringillidae |
Slekt: | Pyrrhula |
Art: | Dompap P. pyrrhula |
Vitskapleg namn | |
Pyrrhula pyrrhula |
Namnet «dompap» kjem frå lågtysk dompape med tydinga 'domherre', fordi fjørdrakta minner om draktfargane til ein slik.
Skildring
endreDompapen er lett å kjenna att når ein fyrst får auge på han. Hannen har eit raudt bryst, ei svart hette på hovudet og ein blågrå rygg. Hoa liknar hannen, men har eit gråbrunt bryst. Vengene har gråkvite band hjå båe kjønna. Nebbet er stutt og kraftig med skarpe kantar slik at han kan ta av skalet av frø og knoppar.
Dompapen liker seg best i nåle- og blandingsskog, men òg i parkar og hagar. Dei byggjer reira sine i buskar og tre der hoa legg ein 4–7 egg.
Arten dannar ingen store flokkar utanfor hekketida og er oftast sett som eit par eller ei familiegruppe.
I kulturen
endreSom ein overvintrande, raudfarga fugle er dompapen blitt knytt til jul, og blir framstilt på julekort og som julepynt. Fuglen opptrer i eventyret «Røde og graa dompaper» av Henrik Wergeland og i songen «Du og jeg og dompapen» av Alf Prøysen.
Galleri
endre-
Dompapegg.
-
Film av dompap
Kjelder
endre- Referansar
- ↑ Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av dompap Pyrrhula pyrrhula for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Røde og graa dompaper av Henrik Wergeland