Donald A. Glaser
Donald Arthur Glaser (21. september 1926–28. februar 2013) var ein amerikansk fysikar og nevrobiolog. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1960 «for oppfinninga av boblekammeret».
Donald Arthur Glaser | |
![]() Donald A. Glaser | |
Fødd | Donald Arthur Glaser 21. september 1926 (96 år) Cleveland i Ohio |
---|---|
Død | 28. februar 2013 Berkeley |
Nasjonalitet | USA |
Område | Fysikkfysikk |
Yrke | Fysikar |
Institusjonar | University of Michigan University of California at Berkeley |
Alma mater | Case Western Reserve University i California Institute of Technology |
Doktorgradsrettleiar | Carl David Anderson |
Kjend for | Boblekammer |
Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1960) Elliott Cresson-medaljen (1961) |
Ektefelle | Ruth Bonnie Thompson, Lynn Bercovitz |
Medlem | National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences American Physical Society |
Glaser fullførte sin Bachelor of science i fysikk og matematikk ved Case Western Reserve University i 1946, og fullførte sin filosofiske doktorgrad i fysikk ved California Institute of Technology i 1949. Han godtok ei stilling som instruktør ved University of Michigan og vart forfremma til professor i 1957. Videre vart han ein del av fakultetet ved University of California, Berkeley som professor i fysikk i 1959. Under denne tida omfatta forskinga hans kortliva elementærpartiklar. Boblekammeret tillet han å observere mønstra og levetida for partiklane.
Frå 1962 endra Glaser forskingsfelt til molekylærbiologi og han starta med eit prosjekt om kreft indusert av ultrafiolett stråling. I 1964 vart han gjeven tilleggstittelen professor i molekylærbiologi. Frå 1989 var Glaser professor i fysikk og nevrobiologi.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Donald A. Glaser» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.