Opna hovudmenyen
Doraditoar


Duskdoradito, Pseudocolopteryx sclateri Foto: Cláudio Dias Timm
Duskdoradito, Pseudocolopteryx sclateri
Foto: Cláudio Dias Timm
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Tyrannidae
Slekt: Pseudocolopteryx
Vitskapleg namn
Pseudocolopteryx
Lillo, 1905

Doraditoar er ei biologisk slekt, Pseudocolopteryx, av fem artar sporvefuglar. Gruppa er medlem av tyrannfamilien, Tyrannidae. Alle artane i slekta har leveområdet sitt innanfor Sør-Amerika, samla sett frå sentrale Colombia i nord, sør til sentrale Argentina, aust for Andes. Dessutan lever tikkedoradito i isolerte leveområde ved stillehavskysten, og duskdoradito i avgrensa, isolerte lokalitetar spreidd i Venezuela, Guyana, Trinidad, Bolivia og austlege Brasil.

SkildringEndra

Dette er fem mykje like artar i utsjånad, alle har olivengrøn eller brun overside med gul underside, og kan minne om parulaer i brunt og gult. Duskdoradito skil seg med antyding til fjørtopp på hovudet og ei svak midtstripe, samt to lyse vengband. Andesdoradito har ei klår olivengrøn overside av hovud, skulder og rygg, og manglar vengband. Kroppsform og storleik er mykje einsarta, eins kroppslengd er på ca. 11 centimeter, vekt på opptil ca. 10 til 11 gram, men tikkedoradito er marginalt større og kraftigare enn t.d. songdoradito. Duskdoradito og argentinadoradito syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakt, hoene er her litt meir avdempa og mindre kontrastfylte i farger.

Habitatet deira er fuktige og i tett takrøyrvegetasjon, eller anna tett gras ved vatn. Andesdoradito kan leve nokså høgtliggande, dei andre lever lågt, og typisk under ca. 500 moh. Dei er insektetarar.

Duskdoradito er ein standfugl, somme sørlege populasjonar av dei andre doraditoartane kan vere australmigrantar, det vil seie dei rører seg nordover vinterstid.

ArtslistaEndra

Doraditoar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Duskdoradito, Pseudocolopteryx sclateri, Crested Doradito, Oustalet, 1892, (LC)
  • Andesdoradito, Pseudocolopteryx acutipennis, Subtropical Doradito, Sclater, PL & Salvin, 1873, (LC)
  • Argentinadoradito, Pseudocolopteryx dinelliana, Dinelli's Doradito, Lillo, 1905, (NT)
  • Songdoradito, Pseudocolopteryx flaviventris, Warbling Doradito, d'Orbigny & Lafresnaye, 1837, (LC)
  • Tikkedoradito, Pseudocolopteryx citreola, Ticking Doradito, Landbeck, 1864, (LC)

KjelderEndra

  • del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Oppslag på artar i Pseudocolopteryx, Lynx Edicions, Barcelona. Henta 10. september 2018
Referansar
  1. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. august 2018 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Doraditoar