Dorothea Reinhardt

norsk forfattar

Amalie Dorothea Reinhardt (10. juni 186722. januar 1933)[1] var ein norsk forfattar og dramatikar som i vesentleg grad skreiv historiske drama i verseform under pseudonymet Doris Rein.

Dorothea Reinhardt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juni 1867
Kristiansand kommune
Død

22. januar 1933 (65 år)
Fredensborg kommune

Yrke skodespelforfattar, skribent, kvinnesaksforkjemper
Far Peder Ferdinand Reinhardt

Liv og virke endre

Dorothea Reinhardt gjekk på frøken Natalie Zahles lærerindekursus i København og tok guvernanteeksamen ved Nissens skole i Kristiania. Ho var fleire år utanlands, og studerte ved universitet i Cambridge og München.

Under pseudonymet Doris Rein skreiv Reinhardt ei rekkje historiske drama i verseform. Ho debuterte med den historiske einakteren Monime, som vart gjeven ut av Bigler i Kristiania i 1893. Fram mot hundreårsskiftet følgde ho opp med ei rekkje drama, som Jesabel, Statira og Kleopatra. Etter eit opphald gjenopptok ho dramadiktinga med femakteren Botheira i 1907. Denne vart etterfølgd av blant andre Savitri – indisk legende (1912) og Den gyldne stad (1920), som begge vart omsett til tysk.

Sjølv om Reinhardt skreiv på ei form som i samtida vart sett på som gammalmodig, tok ho opp dagsaktuelle problemstillingar som stillinga og rettene til kvinner. I Nye tider (1896) tek ho for seg kvinna sin rett til å ha ei sjølvstendig livsoppgåve.

I 1896 var Reinhardt med på å stifta den feministiske Diskussionsforeningen i fødebyen Kristiansand, og var dessutan den fyrste formannen i foreininga. Ho skreiv fleire artiklar i norske tidsskrift.

Familie endre

Dorothea Reinhardt var dotter av konsul Peder Ferdinand Reinhardt og Andrea Henriette Marie Bessesen. Ho vart verande ugift.

Bibliografi endre

  • 1893: Monime – historisk drama i 1 akt, Hjalmar Biglers Forlag, Kristiania
  • 1894: Jesabel – historisk drama i 5 akter, Hjalmar Biglers Forlag, Kristiania
  • 1896: Nye tider – dramatisk arbeide i 1 akt, Hjalmar Biglers Forlag, Kristiania
  • 1897: Statira – historisk drama, Hjalmar Biglers Forlag, Kristiania
  • 1899: Kleopatra – historisk drama i 5 akter, Aktieforlaget, Kristiania
  • 1907: Botheira – dramatisk digtning i fem akter, Aschehoug, Kristiania
  • 1909: Saul – dramatisk arbeide i fem akter, Aschehoug, Kristiania
  • 1912: Savitri – indisk legende – dramatisk digtning, Aschehoug, Kristiania
  • 1916: Hvad er kultur – tre foredrag, Aschehoug, Kristiania
  • 1920: Den gyldne stad – dramatisk digtning, Aschehoug, Kristiania
  • 1922: Undret – dramatisk digtning, Aschehoug, Kristiania
  • 1926: Jeg skjænker mit digt til vaaren – dramatisk digtning, Aschehoug, Kristiania

Omsette verk endre

  • 1922: Savitri – Dramatische Dichtung, tysk utgåve av Savitri – indisk legende – dramatisk digtning
  • 1927: Der Printz von Himalaya, tysk utgåve av Den gyldne stad – dramatisk digtning

Kjelder endre

  1. Aftenposten 1933.01.24. 1933. s. 10. 

Bakgrunnsstoff endre