Douglas Wakiihuri
Douglas Wakiihuri (fødd 26. september 1963) er ein kenyansk tidlegare langdistanseløpar frå Mombasa som i 1987 vart verdsmeister i maratonløping.
Douglas Wakiihuri | |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 26. september 1963 (61 år) Mombasa |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988 |
Wakiihuri sprang inn til gullmedalje i maraton ved verdsmeisterskapen 1987 i Roma, med god margin til dei andre medaljvinnarane, Hussein Ahmed Salah frå Djibouti og Gelindo Bordin frå Italia. Dei same tre løparane tok seg også av medaljefordelinga på distansen under sommarleikane 1988 i Seoul. I den sørkoreanske hovudstaden sigra Bordin med 15 sekundar til gode på Wakiihuri og 27 til Salah.
Våren 1989 vann Wakiihuri London maraton på tida 2.09.03, hans bestetid nokon gong. Året etter vart han fyrstemann på distansen både ved samveldeleikane i Auckland og i New York maraton.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Douglas Wakiihuri» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juni 2019.