Dragonfly av Fleetwood Mac
Dragonfly Singel av Fleetwood Mac | ||
B-side |
«The Purple Dancer» | |
---|---|---|
Utgjeve | Mars 1971 | |
Innspelt | Seint 1970 | |
Sjanger | Bluesrock, psykedelisk rock | |
Selskap | Reprise Reprise RS27010 | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
«The Green Manalishi (With the Two-Prong Crown)» (1970 UK) |
Dragonfly | «Did You Ever Love Me» (1972 UK)
|
«Dragonfly» er ein song skriven av den britiske musikaren Danny Kirwan med tekst frå eit dikt av den walisiske diktaren W.H. Davies. Han var opphavleg spelt inn bandet til Kirwan, Fleetwood Mac i 1970, og var den første singelen bandet gav ut etter at frontmannen Peter Green slutta. Songen var òg den første singelen med Christine McVie som fulltidsmedlem i gruppa. Då songen kom ut hadde òg gitaristen Jeremy Spencer slutta i bandet.
Innspeling
endreTeksten til «Dragonfly» vart henta frå W.H. Davies-diktet «The Dragonfly» frå 1927, med somme linjer byta om og andre fjerna heilt. Diktet har òg eit vers som ikkje er med i songen.[1] Kirwan skreiv musikk til songen, song og spelte gitar, akkompagnert av Mick Fleetwood på trommer og John McVie på bassgitar.
B-sida til singelen «The Purple Dancer», vart skriven av Kirwan, Fleetwood og John McVie, og vart sungen av både Kirwan og Jeremy Spencer. Begge songane vart spelte inn same dagen seint i 1970. Spencer deltok lite på innspelinga av «Dragonfly», men begge songane vart spelte på konsertar seint i 1970 og tidleg i 1971 og finst på piratkopiplater. «Dragonfly» vart òg framført på det tyske fjernsynsshowet Beat-Club i 1971, etter Spencer hadde slutta i bandet. Den nye gitaristen Bob Welch spelte på songen i staden for Spencer.
«Dragonfly» vart spelt inn etter albumet Kiln House kom ut i september 1970, og ingen songar frå det albumet vart gjevne ut som singlar i Storbritannia, medan «Jewel Eyed Judy» vart gjeven ut på singel i USA, Tyskland og Nederland, og «Tell Me All the Things You Do» som singel i Frankrike. «Dragonfly» vart vald ut som den neste singelen til bandet i Storbritannia, Tyskland og Nederland.
Singelen gjekk ikkje inn på salslistene noko stad då han kom ut, ikkje ein gong i Nederland, der den førre singelen «Jewel Eyed Judy» hadde nådd topp 50. Dei dårlege salstala til «Dragonfly» fortsette å legge ein dempar på stemninga i bandet då dei kom attende til Storbritannia frå Amerika. Christine McVie sa seinare «Det siste året kjennes det som om me har blitt slått og banka med ei stor klubbe.»[2]
«Dragonfly» kom ikkje med på det neste Fleetwood Mac-albumet Future Games, men kom med på eit samlealbum frå 1971.
«Dragonfly» og den originale B-sida, «The Purple Dancer», kom ut i ein avgrensa versjon på lilla vinyl i berre 3000 eksemplar i april 2014. Han vart òg gjeven ut på blå vinyl. Songen gjekk då inn på niandeplassen i USA, den første gongen songen gjekk inn på listene nokon stad.[3]
Reaksjonar
endreDen tidlegare bandkollegaren til Kirwan, Peter Green, sa om «Dragonfly» at han var «den beste songen han nokon gong skreiv... han burde ha vore ein hit.»[4]
I boka si The Complete Guide to the Music of Fleetwood Mac skreiv Rikky Rooksby: «... vedunderleg, lag på lag med gitar. Han har skinande akkordar og ein melodi som kjem ned i oktavar... Dette er heilt klårt det beste Kirwan nokon gong skreiv.»[5]
Medverkande
endre- Danny Kirwan – gitar, vokal
- John McVie – bassgitar
- Mick Fleetwood – trommer
- Jeremy Spencer – gitar, vokal (berre B-sida)
- Christine McVie – piano, korvokal (berre B-sida)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dragonfly av Fleetwood Mac» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Dragonfly» at theglade.net
- ↑ «Keep On Going – Bob Welch and the Rise and Fall of Fleetwood Mac». Love-It-Loud. Arkivert frå originalen 14. desember 2013. Henta 15. juli 2015.
- ↑ «Fleetwood Mac Chart Updates PLUS Stevie Nicks sales boost in wake of Tonight Show performance». Fleetwood Mac News. 27 April 2014. Henta 15. juli 2015.
- ↑ Vernon, Mike (1999). The Complete Blue Horizon Sessions (CD box set booklet). Fleetwood Mac. Sire Records.
- ↑ Rooksby, Rikky, «The Complete Guide to the Music of Fleetwood Mac", Omnibus Press, 1998, s. 173.