Opna hovudmenyen

Robert Lawrence «Bob» Welch (31. august 19457. juni 2012) var ein amerikansk musikar. Han var tidlegare medlem av Fleetwood Mac og fekk stor suksess med solokarrieren sin seint i 1970-åra. Singlane hans var mellom andre «Hot Love, Cold World», «Ebony Eyes», «Precious Love» og signaturlåten hans, «Sentimental Lady».

Bob Welch
Bob Welch and Jimmy Robinson at the Record Plant in Sausilito CA.jpg
Bob Welch (venstre) og lydteknikar Jimmy Robinson i Record Plant i Sausalito i California
Fødd31. august 1945(1945-08-31)
FødestadLos Angeles i California i USA
Død7. juni 2012 (66 år)
DødsstadAntioch i Tennessee i USA
FødenamnRobert Lawrence Welch, Jr.
OpphavUSA
Aktiv1970–2012
SjangerRock, jazz
Instrumentvokal, gitar, bassgitar, perkusjon
Tilknytte artistarSeven Souls (1964–1969), Head West (1970), Fleetwood Mac (1971–1974), Paris (1975–1977)
PlateselskapCapitol, RCA, Curb, Edsel Records, Rhino, One-Way Records

Innhaldsliste

BiografiEndra

I 1971 erstatta Welch Jeremy Spencer i Fleetwood Mac, og var med på albuma Future Games (1971), Bare Trees (1972), Penguin (1973), Mystery to Me (1973) og Heroes are Hard to Find (1974).

Welch vart bede om å bli verande trass i at Lindsey Buckingham og Stevie Nicks var henta inn som erstattingar, men slutta og starta ein hardrock-trio kalla Paris. Bandet, der han hadde med seg den tidlegare Jethro Tull-bassisten Glenn Cornick, og den tidlegare Nazz-trommisen Thom Mooney, og den då framtidige Tin Machine-trommeslagaren Hunt Sales, gav ut to album som vart dårleg motteke i 1976. Welch valde då lage kommersiell popmusikk, og han fekk suksess i 1977 med French Kiss, som selde til platina og inneheld hitsinglane «Sentimental Lady» (ei nyinnspeling av ein song frå Bare Trees) og «Ebony Eyes».

Three Hearts kom ut i 1979 og fortsette i same leia, men selde til gullplate. Singelen «Precious Love» vart ein hit. Fleetwood Mac-medlemmar spelte som gjesteartistar på begge albuma. Welch gav ut fire album til fram til 1983, men salstala fall gradvis.

Innan 1987 hadde Welch flytta til Phoenix i Arizona og danna Avenue M. Seint i 1990-åra vart han låtskrivar i Nashville i Tennessee. Welch hamna òg i strid med dei tidlegare kolleagene i Fleetwood Mac. I 1994 saksøkte han bandet for ubetalte honorar frå tida han var i bandet. Dei vart forlikte utanfor retten, men Welch sa Fleetwood Mac tok hemn ved å ekskludere han frå seremonien då bandet vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998. Welch var det einaste tidlege medlemmet som ikkje vart æra. Welch skaut seg sjølv og døydde i Nashville den 7. juni 2012, 65 år gammal.

DiskografiEndra

AlbumEndra

Head WestEndra

Dato Album US UK Anna informasjon
1970 Head West

Fleetwood MacEndra

Dato Album US UK Anna informasjon
3. september 1971 Future Games 91 Debutalbum med Fleetwood Mac
Mars 1972 Bare Trees 70 Med originalinnspelinga av «Sentimental Lady»
Mars 1973 Penguin 49
15. oktober 1973 Mystery to Me 68 Med «Hypnotized» av Welch
13. september 1974 Heroes Are Hard to Find 34 Welch slutta i Fleetwood Mac etter dette albumet
24. november 1992 25 Years – The Chain 34 Samleplate

ParisEndra

Dato Album US UK Anna informasjon
Januar 1976 Paris 103
August 1976 Big Towne, 2061 152

SoloEndra

Dato Album US UK Anna informasjon
November 1977 French Kiss #12 Platina
Februar 1979 Three Hearts #20 Gull
November 1979 The Other One #105
September 1980 Man Overboard #162
Oktober 1981 Bob Welch #201
Juni 1983 Eye Contact
Desember 1991 The Best of Bob Welch
1994 Greatest Hits
10. september 1999 Bob Welch Looks at Bop
8. juli 2003 His Fleetwood Mac Years & Beyond
10. august 2004 Live at the Roxy
28. mars 2006 His Fleetwood Mac Years and Beyond, Vol. 2

SolosinglarEndra

  • «Big Towne, 2061» / «Blue Robin» (1976)
  • «Ebony Eyes» / «Outskirts» (1977)
  • «Sentimental Lady» / «Hot Love, Cold World» (#8, 1977)
  • «Ebony Eyes» / «Dancin' Eyes» (#14, 1978)
  • «Hot Love, Cold World» / «Danchiva» (#31, 1978)
  • «I Saw Her Standing There» / «Church» (1979)
  • «Precious Love» / «Something Strong» (#19, 1979)
  • «Church» / «Here Comes The Night» (#73, 1979)
  • «Church» / «Don't Wait Too Long"
  • «Three Hearts» / «Oh Jenny» (1979)
  • «Rebel Rouser» / «Spanish Dancers» (1979)
  • «Don't Let Me Fall» / «Oneonone» (1980)
  • «Don't Rush The Good Things» / «Reason» (1980)
  • «Those Days Are Gone» / «The Girl Can't Stop» (1980)
  • «Two To Do» / «Imaginary Fool» (1981)
  • «Sentimental Lady» / «Ebony Eyes» (1981)
  • «Remember» / «You Can't Do That» (1982)
  • «Fever» / «Can't Hold Your Love Back» (1983)
  • «Can't Hold Your Love Back» / «S.O.S.» (1983)
  • «I'll Dance Alone» / «Stay» (1983)

KjelderEndra