Karl

mannsnamn
(Omdirigert frå Carl)

Karl (også skrive som Carl) er eit mannsnamn mykje brukt opp gjennom historia. I Noreg var namnet av dei ti mest populære gutenamna mellom 1880 og 1916.

Karl Marx er ein kjend namneberar.

Namnet kjem frå norrønt og tyder fri mann. Det er i slekt med ordet kar. I norrøn gudetru var Karl sonen til Heimdall og Amma. Saman med kona Snør var han opphavet til alle frie menn og bønder. Sjå Rigs vandring.

Karl har namnedag i Noreg og Sverige den 28. januar.

Variantar endre

Namnet finst i ei rekkje variantar på fleire europeiske språk:

  • Kaarle (finsk)
  • Karl (tysk, svensk, norsk)
  • Karel (nederlandsk, tsjekkisk)
  • Karol (polsk)
  • Károly (ungarsk)
  • Κάρολος, Karolos (gresk)

Avleidde former endre

Namnet har òg fleire kvinnelege former, som Karla, Karoline og Charlotte.

Karl har gjeve opphav til etternamn som Karlsen og Carlton.

Kjende namneberarar endre

Kongar endre

Karl har i ulike former vore namnet på ei rekkje kongar, mellom anna i Noreg, Sverige, England, Frankrike, Tyskland, Spania, Ungarn og Italia.

Nordmenn endre

Andre endre

Bakgrunnsstoff endre

  • ssb.no - 10 mest brukte namn 1880 - 2004