Opna hovudmenyen
Durchlauchtster Leopold
BWV 173a
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1717 eller 1720-1722
Første framføring 10. desember 1717-1722
Publiseringsdato 1887
Satsar 8

Durchlauchtster Leopold, BWV 173a, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Köthen i 1717 eller 1720-1722 for gebursdagen til prins Leopold von Anhalt-Köthen. Stykket vart framført på nytt 14. mai 1731 i Leipzig og danna grunnlaget for den kyrkjelege kantaten Erhöhtes Fleisch und Blut, BWV 173.

Teksten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.

Instrumentering og strukturEndra

Stykket er instrumentert for to tverrfløyte, fagott, to fiolinar, bratsj og basso continuo (+ violone), samt to songsolistar (sopran, bass) og firedelt kor.

Det består av åtte satsar.

KjelderEndra