Dvergplaneten Haumea
Haumea (tidlegare offisielt kalla 2003 EL61; symbol: )[1] er ein av fem dvergplanetar i solsystemet. Han ligg i kuiperbeltet og har omtrent ein tredjedel av massen til Pluto. Han blei oppdaga av J. L. Ortiz og laget hans ved Sierra Nevada-observatoriet i Spania og Mike Brown si gruppe hos Caltech i USA. Minor Planet Center (MPC) gjev offisielt æra for oppdaginga til gruppa til Ortiz, som var først ute med å offentleggjera oppdaginga av objektet.
Haumea og dei to månane | |
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | Ortiz et al. / Brown et al. |
Oppdagingsdato | 25. juli 2005 |
Baneskildring | |
Epoke 18. august 2005 (JD 2453600,5) | |
Aphel | 7708 mill. km (51,526 AE) |
Perihel | 5260 mill. km (35,164 AE) |
Eksentrisitet | 0,18874 |
Banehelling | 28,19° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | ~1960×1518×996 km (~1500 km) |
Masse | (4,2±0,1)×1021 kg |
2,6–3,3 g/cm³ | |
0,84 km/s | |
0,16314±0,00001 d (3,9154±0,0002 t) | |
Albedo | 0,7±0,1 |
Haumea blei i 2008 namnsett etter gudinna for barnefødsel og fertilitet i hawaiisk mytologi.[2]
Haumea sine to månar, hurtige rotasjon, høge albedo og ekstremt avlange form gjer han til eit særs uvanleg objekt blant dei klassiske kuiperbelte-objekta. Det er sannsynlegvis den største medlemen av ein kollisjonsfamilie som blei danna under éin enkelt kollisjon som òg er ansvarleg for dei uvanlege karakteristikkane til objektet.
Satellittar
endreTo små satellittar har blitt oppdaga i bane rundt Haumea:
- Hi'iaka med ein diameter på ~310 km dersom tettleiken og albedoen er lik moderobjektet
- Namaka med ein diameter på ~170 km dersom albedoen er lik moderobjektet
Kjelder
endre- ↑ JPL/NASA (22. april 2015). «What is a Dwarf Planet?». Jet Propulsion Laboratory. Henta 19. januar 2022.
- ↑ «IAU names fifth dwarf planet Haumea» - IAU-pressemelding 17. september 2008. Vitja 20. september 2008.