Dylan av Bob Dylan
Dylan Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. november 1973 | |
Innspelt | 24. og 26. april 1969 og 1. til 4. juni 1970 | |
Sjanger | Rock, folkrock | |
Lengd | 33:22 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Bob Johnston | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
Pat Garrett & Billy the Kid (1973) |
Dylan | Planet Waves (1974)
|
Dylan er det 13. studioalbumet til Bob Dylan gjeven ut på Columbia Records i november 1973.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | E[2] |
Entertainment Weekly | F[3] |
MusicHound | woof![5] |
Rolling Stone | (negativ)[4] |
The Rolling Stone Album Guide | [6] |
Dylan vart sett saman og gjeven ut utan at Dylan sjølv gjorde stort. Albumet består stort sett av songar som var att etter innspelingane av Self Portrait og New Morning. Det kom etter at Dylan forlet Columbia til fordel for Asylum Records og etter at Dylan annonserte den første turneen sin sidan 1966. Albumet vart derfor sett på som eit siste forsøk for Columbia og tene pengar på eit nytt Dylan-album og til og med som ein «hemn» for at Dylan forlet Columbia. Albumet kom ut berre to månader før Planet Waves og nytta to innspelingar som ikkje vart nytta på det merkelege og dårleg motteke Self Portrait. Resten av songane var frå overskotsmateriale frå innspelinga av New Morning.
Sjølv om Dylan fekk særs dårleg kritikk, nådde det likevel 17. plass i USA og selde til gull. Det vart det første albumet til Dylan på lang tid som ikkje gjekk inn på lista i Storbritannia, der albuma hans som regel alltid gjekk høgare enn i USA. Det er det einaste studioalbumet til Dylan som ikkje er gjevne ut på CD i Nord-Amerika, men det har nyleg vore tilgjengeleg for digital nedlasting på iTunes. Albumet vart gjeven ut i Europa med tittelen Bob Dylan (A Fool Such as I).
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Lily of the West» | tradisjonell | 3. juni 1970 | 3:44 |
2. | «Can't Help Falling in Love» | George Weiss / Hugo Peretti / Luigi Creatore | 3. juni 1970 | 4:17 |
3. | «Sarah Jane» | tradisjonell | 1. juni 1970 | 2:43 |
4. | «The Ballad of Ira Hayes» | Peter LaFarge | 1. juni 1970 | 5:08 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Mr. Bojangles» | Jerry Jeff Walker | 2. juni 1970 | 5:31 |
2. | «Mary Ann» | tradisjonell | 2. juni 1970 | 2:40 |
3. | «Big Yellow Taxi» | Joni Mitchell | 4. juni 1970 | 2:12 |
4. | «A Fool Such as I» | Bill Trader | 26. april 1969 | 2:41 |
5. | «Spanish Is the Loving Tongue» | Billy Simon / Charles Badger Clark | 24. april 1969 | 4:13 |
Medverkande
endre
|
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dylan (1973 album)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2010.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. Dylan av Bob Dylan på Allmusic
- ↑ «Robert Christgau review». Robertchristgau.com. Henta 15. november 2018.
- ↑ Flanagan, Bill (29. mars 1991). «Entertainment Weekly review». Ew.com. Henta 15. november 2018.
- ↑ Landau, Jon (19. november 1973). «Bob Dylan Dylan album review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 12. september 2017. Henta 15. november 2018.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Brackett, Nathan; with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide. New York, NY: Fireside. s. 262. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 15. november 2018.