Opna hovudmenyen
Self Portrait
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 8. juni 1970
Innspelt 24. april 1969 – 30. mars 1970
Sjanger Folkrock, bluesrock, countryrock
Lengd 1:13:15
Selskap Columbia
Produsent Bob Johnston
Bob Dylan-kronologi
Nashville Skyline
(1969)
Self Portrait New Morning
(1970)


Singlar frå Self Portrait
  1. «Wigwam»
    Utgjeve: Mars 1970

Self Portrait er det tiande studioalbumet til Bob Dylan, gjeve ut på Columbia Records i juni 1970.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Entertainment WeeklyC–[2]
MusicHound2/5[3]
The Rolling Stone Album Guide1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
The Village VoiceC+[5]

Det var det andre dobbeltalbumet til Dylan og inneheld hovudsakleg coverversjonar av kjende pop- og folkesongar. Det inneheld òg nokre instrumentalar, originale songar og konsertutgåver av songar i lag med The Band. Det meste av albumet vert sunge i same [[country] stil Dylan hadde nytta på det førre albumet, Nashville Skyline. Somme meiner Dylan med hensikt gjorde albumet surrealistisk og satirisk, og albumet fekk særs dårleg kritikk då det kom ut. Første setninga i meldinga frå Greil Marcus i Rolling Stone var «What is this shit?» (Kva er denne skiten?).[6]

Dylan hevda seinare i intervju at Self Portrait var ein slags spøk, langt under standarden han sette i 1960-åra, rett og slett for å få fokuset bort frå seg.

Trass i dårleg mottaking selde albumet raskt til gull i USA og nådde fjerdeplassen der. I Storbritannia gjekk albumet heilt topps.

Innhaldsliste

SonganeEndra

Self Portrait fekk kraftig kritikk for både framføringa og produksjonen, og mange kritikarar meinte at songutvalet var for dårleg. Songen «Copper Kettle», skriven av Alfred Frank Beddoe, har likevel fått god omtale gjennom åra.[7][8]

Songen «Wigwam» vart gjeven ut på singel og vart i 2001 nytta i Wes Anderson-filmen The Royal Tenenbaums. «All the Tired Horses» inneheld berre to tekstlinjer og vert sungen av kvinnelege koristar. Denne songen vart nytta i filmen Blow frå 2001.

Den mest kjende songen er kanskje «The Mighty Quinn (Quinn the Eskimo)», ein song frå Basement Tapes-innspelingane som vart spelt inn av Manfred Mann med stor suksess i 1968.

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «All the Tired Horses»  Bob Dylan 3:12
2. «Alberta #1»  Tradisjonell 2:57
3. «I Forgot More Than You'll Ever Know»  Cecil A. Null 2:23
4. «Days of 49»  Alan Lomax, John Lomax, Frank Warner 5:27
5. «Early Mornin' Rain»  Gordon Lightfoot 3:34
6. «In Search of Little Sadie»  Tradisjonell 2:28
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Let It Be Me»  Gilbert Bécaud, Mann Curtis, Pierre Delanoë 3:00
2. «Little Sadie»  Tradisjonell 2:00
3. «Woogie Boogie»  Bob Dylan 2:06
4. «Belle Isle»  Tradisjonell 2:30
5. «Living the Blues»  Bob Dylan 2:42
6. «Like a Rolling Stone» (Konsertopptak frå 31. august 1969 frå Isle of Wight-festivalen)Bob Dylan 5:18
Side tre
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Copper Kettle»  Albert Frank Beddoe 3:34
2. «Gotta Travel On»  Paul Clayton, Larry Ehrlich, David Lazar, Tom Six 3:08
3. «Blue Moon»  Lorenz Hart, Richard Rodgers 2:29
4. «The Boxer»  Paul Simon, Art Garfunkel 2:48
5. «The Mighty Quinn (Quinn the Eskimo)» (Konsertopptak frå 31. august 1969 frå Isle of Wight-festivalen Festival)Bob Dylan 2:48
6. «Take Me as I Am (Or Let Me Go)»  Boudleaux Bryant 3:03
Side fire
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Take a Message to Mary»  Felice Bryant, Boudleaux Bryant 2:46
2. «It Hurts Me Too»  Tradisjonell 3:15
3. «Minstrel Boy» (Konsertopptak frå 31. august 1969 frå Isle of Wight-festivalen)Bob Dylan 3:33
4. «She Belongs to Me» (Konsertopptak frå 31. august 1969 frå Isle of Wight-festivalen)Bob Dylan 2:44
5. «Wigwam»  Bob Dylan 3:09
6. «Alberta #2»  Tradisjonell 3:12

MedverkandeEndra

  • Byron Bach - cello
  • Brenton Banks - fiolin
  • George Binkley III - fiolin
  • Norman Blake - gitar
  • David Bromberg - gitar, dobro, bass
  • Albert Wynn Butler - klarinett, saksofon
  • Kenneth A. Buttrey - trommer, perkusjon
  • Fred Carter Jr. - gitar
  • Marvin Chantry - bratsj
  • Ron Cornelius - gitar
  • Charlie Daniels - bass, gitar
  • Rick Danko - bass, vokal
  • Pete Drake - steelgitar
  • Bob Dylan - gitar, munnspel, keyboard, vokal
  • Delores Edgin - vokal
  • Fred Foster - gitar
  • Solie Fott - fiolin, bratsj
  • Bubba Fowler - fitar
  • Dennis Good - trombone
  • Emanuel Green - fiolin
  • Hilda Harris - Vokal
  • Levon Helm - mandolin, trommer, vokal
  • Freddie Hill - trompet
  • Karl Himmel - klarinett, saksofon, trombone
  • Garth Hudson - keyboard
  • Lilian Hunt - fiolin

  • Martin Katahn - fiolin
  • Doug Kershaw - fiolin
  • Al Kooper - gitar, horn, keyboard
  • Sheldon Kurland - fiolin
  • Richard Manuel - piano, vokal
  • Martha McCrory - cello
  • Charlie McCoy - gitar, bass, munnspel, vibrafon
  • Barry McDonald - fiolin
  • Ollie Mitchell - trompet
  • Carol Montgomery - vokal
  • Bob Moore - bass
  • Gene A. Mullins - baritonhorn
  • Joe Osborn - gitar, bass
  • June Page - vokal
  • Rex Peer - trombone
  • Bill Pursell - piano
  • Robbie Robertson - gitar, vokal
  • Albertine Robinson - vokal
  • Al Rogers - trommer
  • Frank Smith - trombone
  • Maretha Stewart - vokal
  • Gary Van Osdale - bratsj
  • Bob Wilson - orgel, piano
  • Stu Woods - bass

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

År Liste Plassering
1970 Billboard 200 4
1970 Record World Album Chart 1
1970 Cash Box Album Chart 1
1970 UK Top 75[9] 1

SinglarEndra

År Singel Liste Plassering
1970 «Wigwam» Billboard Hot 100 41Mal:Citation needed

KjelderEndra

  1. lenkje
  2. «Bob Dylan's discography». 29. mars 1991. 
  3. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2. 
  4. Brackett, Nathan; with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide. New York, NY: Fireside. s. 262. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 22. august 2015. 
  5. Christgau, Robert (30. juli 1970). «Consumer Guide (12)». The Village Voice (New York). Henta 14. april 2013. 
  6. Greil Marcus, "Self Portrait No. 25", i Studio A: The Bob Dylan Reader (1970), s. 74 (Benjamin Hedin, red., 2004)
  7. Heylin, Clinton (2003 reprint). Bob Dylan: Behind the Shades Revisted, s. 314. HarperCollins. ISBN 0-06-052569-X.
  8. Riley, Tim (rev. utg. 1999). Hard Rain: A Dylan Commentary, s. 195. Da Capo Press. ISBN 0-306-80907-9.
  9. «Number 1 Albums – 1970s». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 9. februar 2008. Henta 12. november 2018.