EHF-meisterligaen i handball 2019/Kvinner

Meisterligaen i handball 2019 for kvinner var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til med kvalifiseringsspel 8. september 2018 og avslutta 11.–12. mai 2019. Győri ETO frå Győr i Ungarn vann turneringa for femte gong.

Etter kvalifiseringsspel i september opna turneringa med 16 deltakande lag i seriespel delt i fire grupper à 4 lag. Dei tre laga med flest poeng i dei enkelte gruppene gjekk vidare til hovudrunda, som bestod av to grupper à 6 lag. Dei fire beste i desse to gruppene møttest til kvartfinalar basert på poengskår. Norske Larvik HK enda sist i innleiande gruppespel.

Sluttspelet

endre

Sluttspelet vart avvikla i Budapest helga 11. og 12. mai 2019.

  • Bronsekampen:
  • IK Våg – Metz 31–30

Finalen

endre
  • Győri ETO – Rostov 25–24

Kampen var jamn til stillinga 11–11, Győri ETO drog ifrå og leia 15–11 ved pause. Tidleg i andre omgang auka det ungarske laget til 17–12. Sidan førte Győri ETO kampen med 3-4 mål til det stod 25-21 sju minutt før full tid. Deretter minka avstanden inn til 25–24.

Győri ETO sitt vinnarlag bestod mellom andre av målvaktene Kari Aalvik Grimsbø og Amandine Leynaud, måla kom frå Eduarda Amorim 7, Anita Görbicz 6, Bernadett Bódi 3, Stine Oftedal 3, Kari Brattset 3, Nycke Groot 1, Anne Mette Hansen 1, Veronica Kristiansen 1. Nora Mørk kom ikkje på skåringslista. Nederlandske Lois Abbingh vart toppskårarar for Rostov med 7 mål.

Kjelder

endre