Eagles
Studioalbum av Eagles
Språk engelsk
Utgjeve 1. juni 1972
Innspelt Februar 1972
Studio Olympic Studios, London
Sjanger
Lengd 37:19
Selskap Asylum
Produsent Glyn Johns
Eagles-kronologi 
Eagles Desperado
(1973)
Singlar frå Eagles
  1. «Take It Easy»
    Utgjeve: 1. mai 1972
  2. «Witchy Woman»
    Utgjeve: 1. august 1972
  3. «Peaceful Easy Feeling»
    Utgjeve: 1. desember 1972

Eagles er debutalbumet til rockebandet Eagles, gjeve ut i 1972. Albumet vart spelt inn i Olympic Studios i London med produsenten Glyn Johns. Albumet vart ein umiddelbar suksess for det unge bandet og nådde 22. plassen på den amerikanske albumlista, og selde til platinaplate. Albumet inneheldt tre singlar som nådde topp 40 på singellista i USA med «Take it Easy», «Witchy Woman» og «Peaceful Easy Feeling». Dei tre singlane nådde høvesvis 12., 9. og 22. plassen. Albumet spelte ei stor rolle i å popularisere countryrockstilen frå Sør-California. I 2003 vart albumet rangert på 374. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Singelen «Take It Easy» er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over «500 songar som forma Rock and Roll». Albumet var meint for ei utgjeving i kvadrofonisk lyd, og fekk til og med eit kvadrofonisk kataolognummer, men kom aldri ut på dette formatet. I dokumentarfilmen History of the Eagles avslørte Glenn Frey at bandet var alle på peyote då bileta til omslgaet vart tekne i Joshua Tree nasjonalpark.[2][3]

Utgjeving endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [4]
Robert ChristgauB[5]
Rolling Stone     [6]

Robert Christgau meinte at bandet skreiv gode songar, men var usikker på kor autentisk countryrøtene deira var og meinte at det dei produserte var «elegant og syntetisk--glimrande, men falskt.»[5] Bud Scoppa i Rolling Stone meinte at dei hadde «respektert» countryrock-bakgrunn, og at etter Jackson Browne sitt debutalbum, var dette den beste debutplata i 1972.[6]

Ettermæle endre

William Ruhlmann i Allmusic oppsumerer albumet i si melding om albumet som balansert når det kjem til låtskrivinga, men at dei tre hitsinglane vart sungen av Frey og Henley, som sidan skulle dominere bandet.[7] Rolling Stone hadde albumet på 364. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene i 2003 og skreiv at albumet «skapte ein ny mal for tilbakelent L.A. countryrock».[8] Albumet var med i boka til Robert Dimery, 1001 Album You Must Hear Before You Die.[9]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Take It Easy»Jackson Browne, Glenn FreyFrey3:34
2.«Witchy Woman»Don Henley, Bernie LeadonHenley4:10
3.«Chug All Night»FreyFrey3:18
4.«Most of Us Are Sad»FreyRandy Meisner3:38
5.«Nightingale»BrowneHenley4:08
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Train Leaves Here This Morning»Gene Clark, LeadonLeadon4:13
2.«Take the Devil»MeisnerMeisner4:04
3.«Earlybird»Leadon, MeisnerLeadon3:03
4.«Peaceful Easy Feeling»Jack TempchinFrey4:20
5.«Tryin'»MeisnerMeisner2:54

Medverkande endre

[10]

Produksjon endre

Singlar endre

  • «Take It Easy/Get You in the Mood» - Asylum 11005; utgjeve 1. mai 1972
  • «Witchy Woman/Early Bird» - Asylum 11008; utgjeve 1. august 1972
  • «Peaceful Easy Feeling/Tryin'» - Asylum 11013; utgjeve 1. desember 1972

Lister endre

Album
År Liste Plassering
1972 Billboard Pop Album 22
Singlar
År Singel Liste Plassering
1972 «Take It Easy» Billboard Pop Singles 12
1972 «Witchy Woman» Billboard Pop Singles 9
1973 «Peaceful Easy Feeling» Billboard Pop Singles 22

Kjelder endre

  1. «Eagles - AllMusic». allmusic. Henta 25. november 2014. 
  2. The Eagles' Greatest Hit Grantland, 14. august 2013.
  3. History of the Eagles kring 45 minuttar ut.
  4. Ruhlmann, William. «Eagles». Allmusic. Henta 10. september 2013. 
  5. 5,0 5,1 Christgau, Robert. «The Eagles: Desperado». Robert Christgau.com. Henta 10. september 2012. 
  6. 6,0 6,1 Brackett, Nathan; Hoard, Christian David (2004). Eagles. Simon and Schuster. Henta 10. september 2013. 
  7. William Ruhlmann (2011). «Eagles - Eagles | AllMusic». allmusic.com. Henta 15. august 2015. «by Frey and Henley.» 
  8. «500 Greatest Album: The Eagles - The Eagles | Rolling Stone Music | Lists». rollingstone.com. 2009. Arkivert frå originalen 27. april 2012. Henta 15. august 2015. 
  9. «1001 Album You Must Hear - 2008 Edition». rocklistmusic.co.uk. 2011. Henta 15. august 2015. «Eagles» [daud lenkje]
  10. http://www.discogs.com/Eagles-Eagles/release/1615902