Edvard
Edvard eller Edward er mannsnamn med opphav i det gammalengelske Eadweard. Namnet er sett saman av ed-, 'rikdom' og vard, 'vaktar'. I Noreg og Sverige har Edvard namnedag den 18. mars, som er festdagen for Edvard Martyren.
Namnet kan òg skrivast Eduard, Edouard, Eduardo og Edoardo. Det har kortformer som Ed, Edo, Eddy, Eddie, Ned/Neddy og Ted/Teddy. Edvarda er eit avleidd kvinnenamn.
Bruk
endrePå slutten av 1500-talet var Edward eit svært vanleg namn i England. I dag er Edvard eit vanleg namn i Finland, Edward er vanleg i Polen og USA og Eduardo er vanleg i Chile og Spania.
Edvard var eit utbreidd namn i Noreg på slutten av 1800-talet. Bruken gjekk ned i løpet av 1900-talet, men tok til å stiga igjen pÅ 1990-talet. I 2009 var det 2 064 menn som heitte Edvard i Noreg, 485 som heitte Edward og 117 som heitte Eduardo.
Namneberarar
endreEi rekkje kongar, særleg i England og seinare Storbritannia, har hatt namnet Edward.
- Edvard den eldre, konge 899–924
- Edvard Martyren, konge 975–978
- Edvard Vedkjennaren, konge 1042–1066
- Edvard I av England, konge 1272–1307
- Edvard II av England, konge 1307–1327
- Edvard III av England, konge 1327–1377
- Edward, den svarte prinsen, prins av Wales 1343–1376
- Edvard IV av England, konge 1461–1483
- Edvard V av England, konge 1483
- Edvard VI av England, konge 1547–1553
- Edvard VII av Storbritannia, konge 1901–1910
- Edvard Liljedahl (1845-1924), norsk stortingsmann
- Edvard Alme (1848-1922), norsk forfattar, redaktør og målmann
- Eduard Bernstein (1850–1932), tysk sosialistisk teoretikar
- Edvard Beneš (1884–1948), tsjekkoslovakisk president
- Edvard Grieg (1843–1907), norsk komponist
- Edward Elgar (1857-1949), engelsk komponist
- Edward MacDowell (1860-1908), amerikansk komponist
- Edvard Munch (1863–1944), norsk kunstnar
- Edvard Os (1885–1970), norsk offiser og norskdomsmann
- Edvard Bull (1881–1931), norsk historikar og utanriksminister i 1928
- Edvard VIII av Storbritannia, konge 1936
- Edvard Hambro (1911-1977), norsk stortingsmann
- Edward Lorenz (1917–2008), amerikansk matematikar og meteorolog
- Edvard Vogt (f. 1923), norsk professor
- Eduard Sjevardnadse (f. 1928), tidlegare sovjetisk utanriksminister og georgisk president
- Edward Said (1935–2003), palestinsk-amerikansk akademikar og aktivist
- Edvard Befring (f. 1936), norsk pedagogikkprofessor
- Edvard Moseid (f. 1945), norsk parkgrunnleggjar
- Eddy Merckx (f. 1945), belgisk syklist
- Edvard Hoem (f. 1949), norsk forfattar
- Ole Edvard Antonsen (f. 1962), norsk trompetist
Kjelder
endre
- Søk etter norsk namnestatistikk for Edvard hjå Statistisk Sentralbyrå
- Denne artikkelen bygger på «Edvard» frå Wikipedia på bokmål, den 16. mars 2009.