Eidfjord
Eidfjord er kommunesenteret i Eidfjord kommune. Folketalet i tettstaden Eidfjord var på 918 innbyggjarar i tredje kvartal 2008.[1] Eidfjord ligg ved botnen av Eidfjorden, 70 km frå Odda og 50 km frå Voss. Elva Eio renn ut i fjorden ved Eidfjord. Riksveg 7 går gjennom staden. Om somrane går det også hurtigbåt mellom Eidfjord, Ulvik, Utne, Kinsarvik, Lofthus og Norheimsund.[2]
Eidfjord | |||
tettstad | |||
Eidfjord
Foto: G. Lanting | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Eidfjord kommune | ||
Areal | 0,75 km² | ||
Folketal | 575 (2023) | ||
Folketettleik | 767 / km² | ||
Postnummer | 5783 EIDFJORD | ||
Innbyggjarnamn | eidfjøre | ||
Eidfjord 60°28′03″N 7°04′18″E / 60.4675°N 7.07166667°E | |||
Wikimedia Commons: Eidfjord (village) |
I Eidfjord ligg både Eidfjord kyrkje og Eidfjord gamle kyrkje. Ikkje langt frå sentrum, på Hereid-platået, ligg over 300 gravrøyser frå Vikingtida.[3] Eidfjord satsar tungt på turisme, og får fleire cruiseskip på vitjing i turistsesongen. Det er difor laga til djupvasskai i tettstaden.[4] I Eidfjord finn ein elles fleire hotell, pensjonat, campingplassar og souvenirbutikkar mynta på turistane som kjem hit. Her er også butikk, bensinstasjon, kiosk, bilreparatørar, trelastvarehandel, treskjerarforretning og ljosstøyperiet.
Tettstaden Eidfjord har berre éin skule, Lægreid skule, som ligg sentralt i kommunen. Dette er ein barne- og ungdomsskule som samlar elevar frå heile kommunen.[5] Når elevane er ferdige med 10. klasse, er dei næraste vidaregåande skulane i Kvam, på Voss eller i Odda. Det ligg også ein aldersheim i Eidfjord.
Kjelder
endre- ↑ Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå Vitja 9. februar 2019
- ↑ Båtruter for sommaren 2019
- ↑ Registrering i samband med forskingsgraving ved Universitetet i Bergen
- ↑ Om djupvasskaia i Eidfjordnytt, nr. 2, 2006, arkivert frå originalen 10. februar 2019, henta 9. februar 2019
- ↑ Om Lægreid skule