Eilif Dahl (7. desember 191617. mars 1993) var ein norsk botanikar og politikar for Arbeidarpartiet.

Eilif Dahl
Fødd7. desember 1916
Christiania
Død17. mars 1993
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdebotanikk, lav
Yrkebotanikar, politikar, lichenolog, universitetslærar
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Dahl tok examen artium i 1935. Allereie i 1936 var han med på ein ekspedisjon til Svalbard, og i 1937 drog han på ein ekspedisjon til Sørvest-Grønland. Temaet for hovudfagsoppgåva hans frå 1942 var lav frå Sørvest-Grønland.

Dahl kom tidlig med i motstandsarbeidet under andre verdskrigen og var med i etterretningsorganisasjonen XU. Han flykta til Sverige, og seinare til Storbritannia.

Etter krigen var han stipendiat ved Universitetet i Oslo og hadde forskingsopphald ved Cambridge, Yale og University of Michigan. Han blei stipendiat ved Noregs landbrukshøgskule i 1953, der han etterkvart blei dosent (1959) og professor i botanikk (1965).

Sjølv om Dahl starta med å studera lav, var det som økolog og plantegeograf han blei mest kjend. Han tok dr.philos.-graden i 1957 med ei avhandling om vegetasjonen i Rondane. Han var opptatt av innvandringshistoria til dei norske fjellplantane, og var ein av dei ivrigaste tilhengjarane av overvintringsteorien.

Dahl blei tidleg opptatt av miljøvern og engasjerte seg gjennom massemedia og føredragsverksemd. Undervisinga ved Landbrukshøgskulen var også viktig i dette arbeidet. Saman med vennen og kollegaen Olav Gjærevoll fekk han stor tyding for samfunnsutviklinga på dette feltet.

Han sat i landsstyret for Arbeidarpartiet 1965–77 og var medlem i Ås kommunestyre i tre periodar. Han var formann i styret for Norsk utenrikspolitisk institutt 1978–86. Dahl var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1959.

Kjelder endre