Einige og tru til Dovre fell
«Einige og tru til Dovre fell» (bokmål Enige og tro inntil Dovre faller eller Enige og tro til Dovre faller) er den såkalla Eidsvolleiden frå 1814. Eiden blei avlagt som eit løfte etter at tingingane under Riksforsamlinga på Eidsvoll vart avslutta 20. mai 1814. Ifølgje Nicolai Wergeland tok representantane etter forslag av Jens Schow Fabricius (1758-1841) kvarandre då i hendene, danna ei brorskapskjede og ropte «Enige og troe, indtil Dovre falder!».
Dovre har elles lenge hatt ein viktig posisjon i Noregs nasjonale medvit, der Dovrefjell representerer det evige, uforanderlege, trygge og grunnfesta. I norsk eventyrtradisjon representerer Dovre det eldgamle og trolske. I eventyret «En aften i nabogården» frå Asbjørnsen og Moes eventyrsamling frå 1845 heiter det at «(...) på Dovrefjell har der naturligvis alle dager vært like så gode trollkjerringmøter som på Bloksberg.» Henrik Ibsen valde dessutan namnet Dovregubben på karikaturen sin av det sjølvgode og sneversynte norske i sitt dramatiske dikt Peer Gynt frå 1867.
-
«Norges Jubilæum 1814-1914», postkort til grunnlovsjubileet med mottoet «Enige og tro, indtil Dovre falder.» Motivet viser og dei fem fremste eidsvollsmennene og Eidsvollsbygningen.
Foto: Nasjonalbiblioteket
-
«Enig og tro til Dovre falder 1814», postkort til grunnlovsjubileet med blant anna maleriet «Eidsvold 1814» av Oscar Wergeland.
Foto: Nasjonalbiblioteket
-
Jens Schow Fabricius, seinare admiral, foreslo Eidsvoll-eden i sin avskjedstale då Riksforsamlinga vart avslutta 20. mai 1814.
Foto: Tilhører Oslo museum, frå DigitaltMuseum
-
Eidsvolleden har blitt gjentatt som slagord i norsk kultur og politikk. Biletet viser EPen Til Dovre faller med «vikingbandet» Glittertind fra 2005.
Bakgrunnsstoff
endre- Jens Schow Fabricius ord ved avslutninga av Riksforsamlinga
- «Hvem vil være enige og tro på Dovrefjell?». utmark.org. Arkivert frå originalen 29. august 2006. Om Dovrefjell blant anna som nasjonalt symbol.