Ekstremvêret Dagmar

Dagmar var eit varsla ekstremvêr utstedt 24. desember 2011 for Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag for natt til 2. juledag. Ekstremvêret gjaldt uvanleg kraftig vind i samband med høg vasstand og høge bølgjer. Det vart først venta sørvestleg sterk storm langs kysten, men dette vart sidan oppgradert til orkan.[1]

Ekstremvêret Dagmar har gjort skade i eit granfelt

«Dagmar» vart samanlikna med nyårsorkanen i 1992[2], og utviklinga til lågtrykket hadde mange likskapstrekk. Vinden var derimot ikkje venta å verte like kraftig. Enkelte stader fekk likevel vind opp mot 46 m/s med vindkast over 55 m/s. Dette er av same styrke som ein kategori 2-orkan i Nord-Atlanteren.

Vêrsituasjonen endre

Eit kraftig lågtrykk i Norskehavet den 1. juledag flytta seg nordaustover mot Bjørnøya. Dette gav sørvestleg vind og pålandsvêr i Nordland, og på grunn av ekstrem stormflod vart dette lågtrykket klassifisert som ekstremvêret Cato. I samband med kaldfronten til dette lågtrykket oppstod det eit hissig sekundært lågtrykk nær Færøyane med eit stormsentrum på kring 956 hPa. Dette raste innover mot Nordvestlandet seinare på dagen og natt til 2. juledag. Dette vart klassifisert som ekstremvêret «Dagmar». Natt til mandag gjekk stormsenteret i land ved Helgeland.

Det var venta vindkast opp mot 40-45 m/s dei mest utsette stadane og bølgjer opp mot 15-17 meter utanfor Sogn og Fjordane. I Møre og Romsdal var det venta 12-15 meter høge bølgjer med vasstand 55-90 cm over det som er oppgjeve i tidvasstabellen. Utanfor Trøndelag var bølgjene venta å nå 10 meter, medan vasstanden var venta 60-85 cm over tidvasstabellen.

Verknad endre

 
Seglbåt kasta på land ved hotellet Seilet i Molde

Vinden vart ein del kraftigare enn det som vart varsla og Kråkenes fyr fekk mellom anna middelvind på 46 m/s med vindkast på 58 m/s. Andre stader med orkan vart Svinøy fyr (40 m/s, vindkast 50 m/s) og Ona fyr (38 m/s, vindkast 56 m/s). I tillegg bles det kraftig langt inn i landet og Sandane lufthamn fekk til dømes 24 m/s med vindkast opp i 38 m/s.

Den kraftig vinden førte til mage nedblåste tre som stengde mange vegar. I tillegg førte straumbrot til at store delar av Nordvestlandet vart mørklagd. Mange båt- og ferjeruter vart innstilt. Flygande gjenstandar førte til skadar på bilar og bygningar.

Sjølv om vinden ikkje vart like kraftig lenger sør og på Austlandet, vart det òg her meldt om trafikkproblem på grunn av velta tre.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Redd «Dagmar» vil gjøre store skader». yr.no. 25. desember 2011. Henta 26. desember 2011. 
  2. ««Cato» og «Dagmar» nærmer seg med stormskritt». yr.no. 24. desember 2011. Henta 26. desember 2011. 

Bakgrunnsstoff endre