El Loco
Studioalbum av ZZ Top
Språk engelsk
Utgjeve Juli 1981[1]
Innspelt 1981
Sjanger
Lengd 36:53
Selskap Warner Bros.
Produsent Bill Ham
ZZ Top-kronologi 
Degüello
(1979)
El Loco Eliminator
(1983)


El Loco er det sjuande studioalbumet til det amerikanske rockebandet ZZ Top, gjeve ut i 1981. Tittelen tyder «Den galne» på spansk. Gitaristen og songaren i bandet, Billy Gibbons, har sagt at innspelinga av dette albumet var første gongen dei tre medlemmane i bandet var isolerte frå kvarandre i studio, i staden for at dei spelte inn musikken samstundes i same rommet. Det synte òg framover mot den meir synthesizer-baserte retninga seinare i tiåret, og dei eksperimenterte noko med synthesizer på enkelte spor.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[2]
Robert ChristgauB+[3]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 stars[4]

Bakgrunn endre

El Loco vart produsert av Bill Ham og spelt inn og opphavleg miksa av Terry Manning. I motsetnad til fleire av dei tidlegare albuma til ZZ Top, vart ikkje dette albumet miksa på nytt då det kom ut på CD i 1987. Den originale miksen har derfor alltid vore tilgjengeleg.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Billy Gibbons, Dusty Hill og Frank Beard.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Tube Snake Boogie»3:03
2.«I Wanna Drive You Home»4:44
3.«Ten Foot Pole»4:19
4.«Leila»3:13
5.«Don't Tease Me»4:20
Side to
Nr.TittelLengd
6.«It's So Hard»5:12
7.«Pearl Necklace»4:02
8.«Groovy Little Hippie Pad»2:40
9.«Heaven, Hell or Houston»2:32
10.«Party on the Patio»2:49

Medverkande endre

Produksjon endre

  • Produsent – Bill Ham
  • Lydteknikar – Terry Manning
  • Før-produksjon - Linden Hudson
  • Mastering – Bob Ludwig
  • Design – Bob Alford
  • Fotografi – Bob Alford

Salslister endre

AlbumBillboard (USA)

År Liste Plassering
1981 Pop Albums 17

SinglesBillboard (USA)

År Singel Liste Plassering
1981 «Leila» Pop Singles 77
1981 «Pearl Necklace» Mainstream Rock 28
1981 «Tube Snake Boogie» Mainstream Rock 4

Kjelder endre

  1. «ZZ Top». Ultimate Music Database. Henta 30. september 2018. 
  2. El LocoAllmusic
  3. Robert Christgau. «ZZ Top». Henta 30. september 2018. 
  4. Cross, Charles R. (2004). «ZZ Top». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4. utg.). Simon & Schuster. s. 907–8. ISBN 0-7432-0169-8.