Eld
Eld, av germansk *ailda, er eit resultat av at energi vert frigjort som lys og varme når eit materiale reagerer med oksygen.
Definisjon
endreEld er ein hastig, sjølvforsterkande oksidasjonsprosess, der brensel frigjer brennbare gassar. Prosessen kan komme i gang ved at brenselet vert varma opp av ei energikjelde, t.d. eit lyn eller ein gneist, og han vert sidan halden vedlike av sin eigen frigjering av energi så lenge tilgangen på brensel og oksygen er tilstrekkeleg til å halde temperaturen oppe.
Idéhistorie
endreElden som grunnelement
endre- Elden er det eine av dei tre keltiske grunnelementa: eld, jord og vatn.
- Elden er det eine av dei fire klassiske grunnelementa: eld, luft, vatn og jord.
- Elden er det eine av fem kinesiske grunnelement: eld, luft, vatn, metall og tre.
Elden som symbol
endre- Elden er, ved sida av vatnet, i kristendommen eit symbol på reinsing, knytt til Den heilage ande.
Bruken av eld
endreMenneskeleg bruk av eld er påvist minst 300 000 år attende. Kjennskapen til og kontrollen med elden var eit av dei grunnleggjande framskritta for menneskja. Derfor er det òg nærliggande at elden (likt med sola) har vore tilbeden som gudar i naturreligionane.
Før folk tok i bruk lighter eller fyrstikker, gjorde dei opp eld
- ved å bere med seg glødande kol
- ved å slå flint mot stål
- ved å skape friksjonsvarme gjennom å gni eller bore
- ved å presse luft saman
Lyset i elden
endreFlammen er ei blanding av termisk stråling frå sot, gass og brenselspartiklar og fotonstråling utsend ved gassreaksjonar. Stålinga vert send ut både som synleg og infraraud stråling. Fargen avhenger av temperaturen i partiklane og strålingsspekteret til materialet som brenn: Dersom brenselet inneheld natrium vert flammen gul, inneheld det kopar vert flammen grøn, og inneheld det kobolt vert han blå.