Elektrisk ål
Elektrisk ål
Elektrisk ål
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Gymnotiformes
Underorden: Gymnotoidei
Familie: Gymnotidae
Slekt: Electrophorus
Art: Elektrisk ål E. electricus
Vitskapleg namn
Electrophorus electricus

Elektrisk ål (Electrophorus electricus) er ein stor ferskvassfisk som lever i Orinoco- og Amazonas-bassenga i Sør-Amerika. Namnet sitt har han fått på grunn av dei elektriske organa han har på bakkroppen, og som brukast til forsvar og jakt og som sanseorgan. Med desse kan han produsera elektriske sjokk på mellom 600 til 800 volt.

Kjenneteikn endre

Elektrisk ål har ein avlang, tilnærma firkanta kropp nesten utan skjel. Hovudet er flatt med ein firkanta munn som sit ytst på snuten. Gattfinnen går heilt ut til haletippen. Fargen er mørk skittengrøn og skiftar over til gulaktig på undersida.

Fisken kan bli opptil 250 cm lang og vege opp til 45 kilo. Vanleg lengd på dyra er derimot ikkje meir enn ein meter.

Sidan områda den elektriske ålen lever i er mørke, grumsete og ofte oksygenfattige, er gjellene tilpassa til å kunne ta opp oksygen frå luft så vel som vatn. Kvart 10. minutt eller tilsvarande sym dei opp til overflata og gulpar i seg ein munnfull luft.

Levesett endre

Mesteparten av tida ligg den elektriske ålen stille i mørke bakevjer i elver og bekkar. Dei er lite selskapelege, og lever som regel åleine i skjul.

Jakt skjer om natta. Ungdyr lever av virvellause dyr dei finn på botnen medan vaksne stort sett et fisk og litt frosk, som dei drep med dei elektriske organa sine. Desse vert òg nytta til forsvar mot predatorar; noko som fungerer så effektivt at arten ikkje har andre naturlege fiendar enn mennesket.

Formeiring endre

 
Elektrisk ål

Elektrisk ål har ytre befruktning, kor hoa legg egga sine i eit skumreir hannen har bygd. Hannen befruktar dei, og tek òg på seg jobben å vakta reiret med dei veksande larvane til dei vert skyld ut i vatnet 10 cm lange i løpet av regntida (vanlegvis midt i januar).

Det er tre gonger så mange hannar som hoer, og desse er òg størst. Hoene produserer tre kull på til saman 17 000 egg. Mykje tyder på at den reproduktive suksessen til dyra avheng av kor gode reirplassar dei finn.

Bakgrunnsstoff endre