Opna hovudmenyen

Elen Loftesnes (fødd 9. januar 1905 i Sogndalsfjøra, død 2. desember 1979 same stad) var fotograf i Sogndal frå omkring 1930. Der hadde ho atelier og fotobutikk. Loftesnes fotograferte både portrett og landskap.

Elen Loftesnes
Fødd 9. januar 1905
Sogndalsfjøra
Død

2. desember 1979
Sogndalsfjøra

Yrke Fotograf

BakgrunnEndra

Elen var nummer fem i rekkja av sju søsken. To av dei levde ikkje opp. Foreldra var skysskar og skomakar Ola Olsson Loftesnes (1868-1944) og Eli Jakopsdotter Loftesnes (1873-1952). Elen overtok eigedomen Solheim Solheim etter foreldra, og truleg var det her ho hadde atelier og fotobutikk. Huset vart kalla «Stallen», og hadde Loftesnes pensjonat som nærmaste nabo. Elen var ugift.

 
Loftesnes pensjonat.

FotografverksemdaEndra

I følgje Jan Talsethagen[1] lærte Loftesnes fotografering av urmakar Ola O. Vatlestad, som var sjølvlærd. Ho dreiv både med portrettfotografering i atelier og produserte postkort med motiv frå Sogndalsområdet. Kunsten å handkolorere portrett skal ho òg ha lært seg. På byrjinga av 1950-talet leigde fotografen Leiv Bergum atelier hjå Loftesnes.

Loftesnes annonserte i lokale og regionale aviser, iallfall mellom 1932 og 1955. I ei annonse frå 1932 står det å lese: «Fotografering, fremkalling og kopiering. Min utdannelse og praksis garanterer fagmessig utførelse. Rimelige priser».[2]

Arkivet etter Elen LoftesnesEndra

Negativ og positiv etter Elen vart funne av drivaren av Loftesnes pensjonat, Dagfinn Loftesnes (ikkje i slekt med Elen), og avlevert til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i 1988. Materialet utgjer ca. 2,4 hyllemeter og er per 2018 ikkje ordna, men stikkprøver tyder på at mesteparten av bileta er frå 1950-talet. Arkivet etter Elen Loftesnes er eit viktig fotoarkiv i eit regionalt perspektiv, ettersom det utgjer eitt av berre to bevarte fotoarkiv etter dei kvinnelege fotografane frå Sogn og Fjordane. Samstundes er det også eitt av to bevarte fotografarkiv frå regionsenteret Sogndal.

I 2019 starta Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane opp eit prosjekt for å ordne, digitalisere, registrere og gjere tilgjengeleg dette arkivet. Som del av prosjektet skal fylkesarkivet også samle inn historikk knytt til Elen Loftesnes si fotografverksemd. Prosjektet er mellom anna finasiert av Norsk kulturråd.[3]

Fotografi av Elen LoftesnesEndra

FotnotarEndra

  1. Talsethagen, s. 26-27
  2. Annonse i Sogningen 28. oktober 1932.
  3. fylkesarkivet.no - Prosjektstøtte til Fylkesarkivet)

KjelderEndra