Elveniauga

(Omdirigert frå Elveniauge)
Elveniauge
Elveniauge
Elveniauge
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Cephalaspidomorphi
Orden: Niaugo Petromyzontiformes
Familie: Niaugefamilien Petromyzontidae
Slekt: Lampetra
Art: Elveniauge L. fluviatilis
Vitskapleg namn
Lampetra fluviatilis

Elveniauga er ein niaugeart som finst i elvar langsmed den europeiske atlanterhavskysten frå Middelhavet i sør og nord til Bergen. Arten er òg utbreidd i Austersjøen. Han høyrer til dei meir økonomisk viktige artane av kjevelause fiskar, og vert rekna som ein delikatesse mange stader i vest-Europa.

Kjenneteikn endre

Elveniauga er bronsebrunt eller grønaktig til grått på ryggen, lysare med tonar av grønt på sidene og kvitaktig med mørke prikkar på buken. Ein kan skilja det frå bekkeniauga på at det har klart definerte mellomrom mellom ryggfinnane.

Storleiken varierer frå 20 cm opp mot ein halv meter, med registrert maksimalvekt på 150 g.

Levesett endre

Elveniauga lever stort sett anadromt, men finst òg i reine ferskvassbestandar mellom anna i Mjøsa. Dei vaksne fiskane lever stort sett i brakkvatn, i elvemunningar eller i havet, men ikkje så langt frå land som havniauga. Til skilnad frå mange andre niaugo lever dei ikkje parasittisk; dei berre bit små stykke av byttefisken sin for så å symja med ein gong. Larvene et mikroalgar, detritus, små makk og planktonkreps.

Gytetida er i april-juni. Fisken grev gytegrop på sand- eller grusbotn i rennande vatn med vassføring på 1–2 m/s. Dei gyt i grupper; gytegroper med opp til 50 individ er registrert. Etter fullført gyting døyr dei vaksne i løpet av to veker.

Larvane klekker ut or egga etter 10-14 døger, og ligg nedgravne i 3-6 år før dei vert vaksne.

Kjelder endre

  • Jonsson, Bror: «Niøyer» i Norges dyr - fiskene 1 Cappelen 1992
  • FishBase

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Elveniauga