Elvis' Golden Records
Elvis' Golden Records Samlealbum av Elvis Presley | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. mars 1958 | |
Innspelt | Juli 1954-september 1957 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 32:03 | |
Selskap | RCA Victor | |
Produsent | Steve Sholes | |
Elvis Presley-kronologi | ||
---|---|---|
Elvis' Christmas Album (1957) |
Elvis' Golden Records | King Creole (1958) |
Singlar frå Elvis' Golden Records | ||
|
Elvis' Golden Records er det femte albumet til Elvis Presley. Det vart gjeve ut av RCA Victor, LPM 1707, i mars 1958. Albumet vart hovudsakleg spelt inn i Radio Recorders i Hollywood, med ei innspeling i RCA Victor sine studio i New York den 30. januar, ei i 20th Century Fox Stage One i Hollywood den 24. august og tre i RCA Studios i Nashville i januar og april 1956.[1] Det er eit samlealbum av hitsinglar gjevne ut i 1956 og 1957, og vert rekna som det første samlealbumet i rock and roll-historia. Det er det første av fem samlealbum i serien Elvis' Golden/Gold Records. Fire av dei kom ut medan Presley levde. Albumet nådde tredjeplassen på Billboard Top Pop Albums-lista. Det selde til gullplate 17. oktober 1961, platinaplate 20. mai 1988 og 6x platina den 17. august 1999 av Recording Industry Association of America.[2]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | link |
Innhald
endreGolden Records bestod av åtte A-sider og fem B-sider, «Hound Dog», «Loving You», «That's When Your Heartaches Begin», «Treat Me Nice», «Anyway You Want Me», og eit albumspor, «Love Me», opphavleg gjeven ut på Elvis i 1956.
I 1950-åra vart det gjeve gullplate når ein singel hadde selt ein million eksemplar, ikkje slik det var slutten av 1970-åra for album, der ei gullplate vart gjeve for 500 000 eksemplar. Det er vanskeleg å få stadfesta nøyaktige tal hos RIAA, men i ein pressekonferanse 22. september 1958 i samband med EP-en Elvis Sails i 1958 og inkludert i disk fire av RCA-boksen The King of Rock 'n' Roll: The Complete 50s Masters, spør intervjuaren Presley om gullplatene hans. Presley svarte at «Eg har 25 millionseljarar, og to album som har selt ein million kvar».[3]
Den første CD-utgåva kom i 1984 i falsk steroei, men vart raskt trekt attende og gjeve ut på nytt i mono. I 1997 kom albumet med seks bonusspor.
Innhald
endrePlassering for singlar teken frå Billboard Pop Singles om ikkje anna er oppgjeve.
Originalutgåveendre | ||||||||
Side ein | ||||||||
Nr. | Z | Song | Låtskrivar | Innspelt | Katalog | Utgjeve | Listeplassering | Lengd |
1. | «Hound Dog» | Jerry Leiber og Mike Stoller | 2. juli 1956 | 47-6604b | 13. juli 1956 | 1 | 2:15 | |
2. | «Loving You» | Jerry Leiber og Mike Stoller | 24. februar 1957 | 47-7000b | 11. juni 1957 | 20 | 2:12 | |
3. | «All Shook Up» | Otis Blackwell og Elvis Presley | 12. januar 1957 | 47-6870 | 22. mars 1957 | 1 | 1:57 | |
4. | «Heartbreak Hotel» | Mae Axton, Tommy Durden, Elvis Presley | 10. januar 1956 | 47-6357 | 27. januar 1956 | 1 | 2:09 | |
5. | «Jailhouse Rock» | Jerry Leiber og Mike Stoller | 30. april 1957 | 47-7035 | 24. september 1957 | 1 | 2:27 | |
6. | «Love Me» | Jerry Leiber og Mike Stoller | 1. september 1956 | LPM 1382 | 19. oktober 1956 | 2 | 2:43 | |
7. | «Too Much» | Lee Rosenberg og Bernard Weinman | 2. september 1956 | 47-6800 | 4. januar 1957 | 1 | 2:31 | |
Side to | ||||||||
Nr. | Song | Låtskrivar | Innspelt | Katalog | Utgjeve | Listeplassering | Lengd | |
1. | «Don't Be Cruel» | Otis Blackwell og Elvis Presley | 2. juli 1956 | 47-6604 | 13. juli 1956 | 1 | 2:02 | |
2. | «That's When Your Heartaches Begin | Fred Fisher, Billy Hill, William Raskin | 13. januar 1957 | 47-6870b | 22. mars 1957 | 58 | 3:21 | |
3. | «(Let Me Be Your) Teddy Bear» | Kal Mann og Bernie Lowe | 24. januar 1957 | 47-7000 | 11. juni 1957 | 1 | 1:45 | |
4. | «Love Me Tender» | Vera Matson og Elvis Presley | 24. august 1956 | 47-6643 | 28. september 1956 | 1 | 2:41 | |
5. | «Treat Me Nice» | Jerry Leiber og Mike Stoller | 5. september 1957 | 47-7035b | 24. september 1957 | 18 | 2:10 | |
6. | «Anyway You Want Me (That's How I Will Be)» | Cliff Owens og Aaron Schroeder | 2. juli 1956 | 47-6643b | 28. september 1956 | 20 | 2:14 | |
7. | «I Want You, I Need You, I Love You» | Lou Kosloff og George Mysels | 14. april 1956 | 47-6540 | May 12, 1956 | 1 | 2:40 | |
Bonusspor på 1997-utgåvaendre | ||||||||
The 1997 CD nyutgjeving of Elvis' Golden Records included the original 14 tracks along with the following bonus tracks: | ||||||||
Nr. | Song | Låtskrivar | Innspelt | Katalog | Utgjeve | Listeplassering | Lengd | |
15. | «My Baby Left Me» | Arthur Crudup | 30. januar 1956 | 47-6540b | 4. mai 1956 | 31 | 2:12 | |
16. | «I Was the One» | Aaron Schroeder, Claude DeMetrius, Hal Blair, Bill Peppers | 11. januar 1956 | 47-6357b | 27. januar 1956 | 19 | 2:34 | |
17. | «That's All Right» | Arthur Crudup | 5. juli 1954 | Sun 209 | 19. juli 1954 | — | 1:55 | |
18. | «Baby, Let's Play House» | Arthur Gunter | februar 5, 1955 | Sun 217 | 10. april 1955 | 5 (C&W) | 2:16 | |
19. | «Mystery Train» | Herman Parker Jr. og Sam Phillips | 11. juli 1955 | Sun 223b | 6. august 1955 | 11 (C&W) | 2:24 | |
20. | «Blue Suede Shoes» | Carl Perkins | 30. januar 1956 | 47-6636 | 31. august 1956 | 20 | 1:59 | |
Original britisk utgåveendre | ||||||||
Side ein | ||||||||
No. | Song | Låtskrivar | Innspelt | Katalog | Utgjeve | Listeplassering | Lengd | |
1. | «Hound Dog» | Jerry Leiber og Mike Stoller | 2. juli 1956 | HMV POP 249 | September 1956 | 2 | 2:15 | |
2. | «I Love You Because» | Leon Payne | 5. juli 1954 | — | — | — | 2:42 | |
3. | «All Shook Up» | Otis Blackwell og Elvis Presley | 12. januar 1957 | HMV POP 359 | Juni 1957 | 1 | 1:57 | |
4. | «Heartbreak Hotel» | Mae Axton, Tommy Durden, Elvis Presley | 10. januar 1956 | HMV 7M 385 | Mars 1956 | 2 | 2:09 | |
5. | «You're a Heartbreaker» | Jack Sallee | 2. januar 1954 | — | — | — | 2:12 | |
6. | «Love Me» | Jerry Leiber og Mike Stoller | September 1956 | HMV POP 295b | 1. februar 1957 | 25 | 2:43 | |
7. | «Too Much» | Lee Rosenberg og Bernard Weinman | 2. september 1956 | HMV POP 330 | April 1957 | 6 | 2:31 | |
Side to | ||||||||
No. | Song | Låtskrivar | Innspelt | Katalog | Utgjeve | Listeplassering | Lengd | |
1. | «Don't Be Cruel» | Otis Blackwell og Elvis Presley | 2. juli 1956 | HMV POP 249b | September 1956 | 1 | 2:02 | |
2. | «That's When Your Heartaches Begin» | Fred Fisher, Billy Hill, William Raskin | 13. januar 1957 | HMV POP 359b | Juni 1957 | 1 | 3:21 | |
3. | «I'll Never Let You Go» | Jimmy Wakely | 10. september 1954 | — | — | — | 2:24 | |
4. | «Love Me Tender» | Vera Matson og Elvis Presley | 24. august 1956 | HMV POP 253 | desember 1956 | 11 | 2:41 | |
5. | «I Forgot to Remember to Forget» | Stan Kesler og Charlie Feathers | 11. juli 1955 | — | — | — | 2:28 | |
6. | «Anyway You Want Me (That's How I Will Be)» | Cliff Owens og Aaron Schroeder | 2. juli 1956 | HMV POP 253b | desember 1956 | 11 | 2:14 | |
7. | «I Want You, I Need You, I Love You» | Lou Kosloff og George Mysels | 14. april 1956 | HMV 7M 424 | Juli 1956 | 14 | 2:40 |
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Canada (Music Canada)[4] | Platina | 100 000^ |
USA (RIAA)[5] | 6× Platina | 6 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Elvis' Golden Records» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Keith Flynn's Elvis Presley Pages». RIAA. 2013. Henta 5. oktober 2016.
- ↑ «Searchable datebase». RIAA. 2013. Henta 27. september 2016. Merk: Søk på «Presley, Elvis»
- ↑ The King of Rock 'n' Roll: The Complete 50s Masters, disc 4, track 24
- ↑ «Canadian album salstrofé – Elvis Presley – Elvis' Golden Records». Music Canada.
- ↑ «American album salstrofé – Presley, Elvis – Elvis' Golden Records, Volume 1». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH