Opna hovudmenyen

Emilie Marie Nereng, kjend som Voe (fødd 3. november 1995 i Hønefoss) er ein norsk skribent, songar og modell. Ho vart kjend som bloggar i 2009, og var den norske bloggaren med flest treff i fleire månader i 2009 og 2010.

Emilie Marie Nereng
Voe2.JPG
Fødd1995-11-033. november 1995
FødestadHønefoss i Buskerud i Noreg
FødenamnEmilie Marie Nereng
AliasVoe
OpphavNoreg
InstrumentVokal
Verka somSkribent, songar og modell

Nereng er fødd og bur i Hønefoss. Ho byrja å blogge i mars 2009. I oktober 2009 hadde bloggen hennar 3,5 millionar treff. 2. januar 2011 kunngjorde ho på bloggen sin at ho slutta å blogge grunna mykje negativ merknad og tidspress. 31. august 2011 byrja ho å blogg igjen.[1]

I 2010 forelas ho om sosiale medier på Høgskolen i Lillehammer. Ho var med sine 14 år tidenes yngste forelesar på høgskulen. 20. oktober 2011 var ho æresgjest og stod for den formelle opninga av Telenor sitt nye mobilnett i Noreg[2][3] – som vikar for kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.[4]

Namnet Voe kjem av at ho vart kalla Voe på grunn av ein T-skjorte ho hadde på seg, der det stod Voe, som er ei forkorting for Voice of Europe.

Ho har òg jobba som modell, og har utført modelloppdrag for ungdomsbladet Topp og jentebladet Julia, og dessutan OnePiece.

Hausten 2012 deltok ho i Norske TalenterTV 2, saman med Dandelions Cheer Crew. Laget tevla om ein semifinaleplass, men rauk ut i ein av kvartfinalane.[5]

Vinteren og våren 2013 er ho med i den norske fjernsynsserien BloggerneTV 2 Bliss.[6]

DiskografiEndra

SinglarEndra

KjelderEndra

  1. Bloggstjernen «Voe» gjør comeback
  2. Telenor åpnet Europas «mest moderne mobilnett»Digi 20. oktober 2011.
  3. Blogger åpnet nytt mobilnettNA24, 20. oktober 2011.
  4. Voe» (15) tok over for syk statsrådKjendis.no, 20. oktober 2011.
  5. (på norsk). Verdens Gang. 26. oktober 2012 http://www.vg.no/rampelys/artikkel.php?artid=10055499. Henta 26. oktober 2012.  Missing or empty |title= (hjelp)
  6. Marthe Eggum Jakobsen (19. november 2013). «- Å snakke om mensen og sex er lett å glemme at kommer på TV» (norsk). Dagbladet. Henta 14. januar 2014. 

BakgrunnsstoffEndra