Einar
mannsnamn
(Omdirigert frå Enar)
Einar (nor. Einarr) er eit mannsnamn som svarar til det islandske ordet einheri, som tyder einleg stridsmann. Denne nemninga viser til einherjane, krigarane til Odin, som heldt til i Valhall og skulle slåst for guden når Ragnarok kom.
Namnet var særs populært rundt hundreårsskiftet 1800/1900. I 2004 var det rundt 14 000 som heitte Einar i Noreg, og 17 500 som heitte det i Sverige. I begge land har Einar namnedag den 26. september.
Kjende namneberarar
endre- Einar Tambarskjelve, norrøn krigar
- Einar Nerman, (1888 - 1983) svensk kunstnar
- Einar Gerhardsen (1897 - 1987), norsk landsfader og politikar
- Einar Skjæraasen (1900 - 1966), norsk forfattar
- Einar Wøhni (1920 - 1987), norsk politikar (Ap)
- Einar Schanke (1927 - 1992), norsk musikar og komponist
- Einar Østby (f. 1935), norsk langrennsløpar
- Einar Økland (f. 1940), norsk forfattar
- Einar Førde (1943 - 2004), norsk politikar og kringkastingssjef
- Einar Niemi (f. 1943), norsk historikar
- Einar Steen-Nøkleberg (f. 1944), norsk pianist
- Einar Sagstuen (f. 1951), norsk langrennsløpar
- Einar Már Guðmundsson (f. 1954), islandsk forfattar
- Einar Rasmussen (f. 1956), norsk padlar
- Trond Einar Elden (f. 1970), norsk langrennsløpar
- Bjørn Einar Romøren (f. 1981), norsk skihoppar
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Einar hjå Statistisk Sentralbyrå