Einar Østby (fødd 17. september 1935) i Vinger er ein norsk tidlegare langrennsløpar som gjorde sin beste prestasjon då han vann bronsemedaljen på 15 km under verdsmeisterskapet 1962 i Zakopane. Østby var med på det norske stafettlaget som fekk sølvmedalje på 4 x 10 km under vinter-OL 1960 i Squaw Valley, bak Finland. Dei andre på laget var Harald Grønningen, Hallgeir Brenden og Håkon Brusveen. Østby gjekk også på det norske stafettlaget under meisterskapa i både 1962 og 1964.

Einar Østby
Fødd 17. september 1935 (84 år)
Vinger
Yrke langrennsløpar, friidrettsutøvar

Østby vart aldri noregsmeister, men fekk med seg fem sølvmedaljar frå noregsmeisterskap. Tre av NM-medaljane kom på 15 km, alle etter Østby hadde lege i sekundstrid med vinnaren. Nærast var han i 1963, då han kom i mål 3,3 sekundar etter Reidar Hjermstad. Men også i 1960 og –64 var han færre enn ti sekundar bak noregsmeisteren på distansen. Østby var medlem av Jaren Idrettslag.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra

  • 1960: Delt 4. plass på 15 km, og sølvmedalje på stafetten under OL i Squaw Valley
  • 1961: Nr 6 på 15 km i Holmenkollen
  • 1962: Bronsemedalje på 15 km og nr 5 på 30 km i VM i Zakopane, fjerdeplass på stafetten
  • 1963: Nr 2 på 50 km i Holmenkollen
  • 1964: Nr 7 på 50 km og 8 på 30 km under OL i Innsbruck, fjerdeplass på stafetten
  • 1965: Nr 7 på 30 km i Falun

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskapEndra

  • 1959: Nr 6 på 15 km på Gjøvik
  • 1960: Sølvmedalje på 15 km i Nedre Eiker
  • 1961: Nr 4 på 15 km på Røros
  • 1962: Nr 5 på 30 km i Skien
  • 1963: Sølvmedalje på både 15 km og 30 km i Rælingen
  • 1964: Sølvmedalje på både 15 km og 30 km på Voss
  • 1965: -
  • 1966: Nr 9 på 15 km på Hernes
  • 1967: Nr 10 på 15 km i Skorovatn
  • 1968: Nr 8 på 30 km i Bærum
  • 1969: Nr 9 på 30 km på Gjøvik

KjeldeEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar