Mawson-stasjonen
Mawson-stasjonen er ein av tre permanente australske basar i Australsk Antarktis i Aust-Antarktis. Han er kalla opp etter polfarararen sir Douglas Mawson og vert driven av Australian Antarctic Division (AAD). Han vart opna i 1954 og er den eldste australske stasjonen i Antarktis og den eldste permanent busette staden i Antarktis stasjon sør for Den antarktiske polarsirkelen.
Mawson-stasjonen | |||
stasjon | |||
Mawson-stasjonen mot David Range.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Mac. Robertson Land | ||
- koordinatar | 67°36′S 62°52′E / 67.600°S 62.867°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mawson-stasjonen 67°36′09″S 62°52′25″E / 67.60258°S 62.8736°E | |||
Wikimedia Commons: Mawson Station |
Føremål
endreMawson-stasjonen er ein base for forskingsprosjekt som omfattar underjordiske detektorar for kosmisk stråling, forskjellige langvarige studiar innan meteorologi, aeronomi og jordmagnetisme, i tillegg til pågåande studiar i bevaringsbiologi, særleg på dei nærliggande hekkestadane for keisarpingvinar og adeliepingvinar.
Mawson-stasjonen husar kring 20 personar om vinteren og opp til 60 om sommaren. Han er den einaste stasjonen i Antarktis som nytta vindturbinar til over 70 % av energibehovet, og sparar slik over 600 000 liter diesel i året. Området er tilgjengeleg til sjøs i ein kort periode om sommaren, mellom februar og mars.
Historie
endreI 1946 gav utanriksminister H.V. Evatt støtte til Douglas Mawson om å opprette ein permanent australsk base i Antarktis.[1] Det gjekk sju år før eit høvande skip, «Kista Dan», kunne leigast inn til å setje opp anlegget sør på kontinentet.
Staden vart vald ut i 1953 av Phillip Law, den første direktøren i AAD, som baserte seg på flyfoto tekne under den amerikanske Operasjon Highjump (OpHjp) i 1946-1947. Han valde ei stor naturleg hamn (Horseshoe Harbour) og dei isfrie klippene for å bygje bygningane.[1] Stasjonen vart bygd i løpet av 1954. Somme små prefabrikkerte hyttar vart nytta dei første åra, men desse vart etter kvart erstatta av modulbaserte bygg med stålramer under ei stor ombygging i 1970-åra.
Geografi
endreMawson-stasjonen ligg i Holmevika i Mac. Robertson Land i Aust-Antarktis. Han ligg eit område som Mawson gjorde krav på som britisk territorium og som seinare vart Australsk Antarktis.
I nærleiken ligg Framnesfjella, som dannar eit dramatisk bakteppe ved Mawson-stasjonen. Framnesfjella vart namngjeven i 1930-åra av den norske skipsreiaren Lars Christensen.
Lenger i nordvest ligg Napier Mountains, som først vart vitja av eit landmålingslag frå ANARE frå Mawson-stasjonen i 1960.
Klima
endreMawson-stasjonen har eit arktisk klima:
Vêrdata for Mawson-stasjonen | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 2,6 | −1,3 | −7,2 | −11,8 | −13,6 | −13,6 | −15 | −15,6 | −14,4 | −10 | −2,7 | 2,1 | −8,4 |
Gjennomsnittleg min °C | −2,6 | −7,3 | −13,2 | −17,3 | −19,3 | −19,5 | −20,8 | −21,7 | −20,6 | −16,4 | −8,2 | −3,2 | −14,3 |
Kjelde: Bureau of Meteorology |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mawson Station» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Scott, Keith (1993). australian Geographic book of Antarctica. Terrey Hills, New South Wales: Australian Geographic. s. 29—31. ISBN 1-86276-010-1.