Scott Mountains
Scott Mountains er fleire isolert fjell som ligg sør for Amundsen Bay i Enderby Land i Antarktis. Fjella vart oppdaga 13. januar 1930 av British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE) under Sir Douglas Mawson. Han kalla fjella Scott Range etter kaptein Robert Falcon Scott. Sidan vart namnet endra.[1]
Scott Mountains | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Enderby Land | ||
- koordinatar | 67°30′S 50°30′E / 67.500°S 50.500°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Scott Mountains 67°30′S 50°30′E / 67.5°S 50.5°E | |||
Scott Mountains ligg i Australsk Antarktis i Aust-Antarktis.
Fjell
endre- Mount Alekseyev er eit fjell som står 11 km nordaust for McNaughton Ridges. Det vart namngjeve av Den sovjetiske antarktisekspedisjonen, 1961-62, etter A.D. Aleksejev, ein sovjetisk pilot på ekspedisjonen.[2]
- Mount Brockelsby er eit fjell, 1290 moh, som står 13 km nord for Simpson Peak. Det vart kartlagd frå flyfoto tekne av ANARE i 1956. Det vart namngjeve av Australian Antarctic Names and Medals Committee (ANCA) etter W.K. Brockelsby, ein forskar på ionosfæren ved Mawson Station i 1961.[3]
- Debenham Peak er eit fjell, 1140 moh, som ligg sør for Amundsen Bay, kring 11 km aust for Mount Cronus. Det vart oppdaga i januar 1930 by BANZARE, som namngav det etter Frank Debenham. Fjelltoppen vart meir nøyaktig plassert av ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions), 1954-58.[4]
- Mount George er eit fjell, 1555 moh, like vest for Simpson Peak. Det vart kartlagd frå flyfoto tekne av ANARE i 1956 og 1957. Namnet vart først nytta av John Biscoe (1830-31), truleg etter ein av Enderby-brørnesom eigde fartøyet hans. Sidan fjellet til Biscoe ikkje kunne identifiserast blant dei mange fjella i området, vart det gejve til dette fjellet av ANCA i 1962.[5]
- Mount Giddings er eit fjell 11 km søraust for Debenham Peak. Det vart kartlagd frå flyfoto tekne av ANARE i 1956. Det vart namngjeve av Australian Antarctic Names and Medals Committee (ANCA) etter J.E. Giddings, som vark kokk ved Mawson Station i 1961.[6]
- McNaughton Ridges er ei gruppe fjellkammar som ligg 19 km nordaust for Simpson Peak. Det vart kartlagd frå flyfoto tekne av ANARE i 1956 og 1957. Dei vart namngjevne av ANCA etter I.L.K. McNaughton, fysikar ved Mawson Station i 1961.[7]
- Oblachnaya Nunatak er ein nunatak som ligg 11 km søraust for Perov Nunataks, at austenden av Scott Mountains. The geologi av nunatak was investigated by Den sovjetiske antarktisekspedisjonen, 1961-62, which called it «Gora Oblachnaya» (cloudy mountain).[8]
- Perov Nunataks er ei lita gruppe nunatakar aust i Scott Mountains, 30 km søraust for Debenham Peak. Dei vart fotograferte i oktober 1956 av flyfoto frå ANARE og kartlagd i november 1958 frå lufta. Dei vart namngjevne av ANCA etter Viktor Perov, ein pilot på eit sovjetisk fly som flydde over området og redda eit belgisk lag i 1958 etter ei flyulukke.[9]
- Simpson Peak er ein fjelltopp, 1720 moh, like aust for Mount George i sørvestenden av Scott Mountains. Det vart oppdaga i januar 1930 av BANZARE under Mawson som namngav det etter George Simpson. Posisjonen vart fastsett av J.C. Armstrong under ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) i 1959.[10]
- Ward Rock er ei avrunda klippe like aust for Howard Hills nordaust i Scott Mountains. Det vart kartlagd frå flyfoto tekne av ANARE i 1956. Ho vart namngjeven av Australian Antarctic Names and Medals Committee (ANCA) etter F.J. Ward, eit medlem av mannskapet på Discovery i løpet av British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition, 1929-31.[11]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Scott Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Scott Mountains». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 29. september 2009.
- ↑ «Mount Alekseyev». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013.
- ↑ «Mount Brockelsby». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013.
- ↑ «Debenham Peak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013.
- ↑ «Mount George». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013.
- ↑ «Mount Giddings». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 14. januar 2013.
- ↑ «McNaughton Ridges». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013.
- ↑ «Oblachnaya Nunatak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013.
- ↑ «Perov Nunataks». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013.
- ↑ «Simpson Peak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 1. mars 2013.
- ↑ «Ward Rock». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013.