Epsomitt, òg kalla epsomsalt, engelsk salt eller bittersalt, er eit fargelaust til kvitt mineral som består av vasshaldig magnesiumsulfat, MgSO4·7H2O. Det krystalliserer rombisk. Mineralet er lett løyseleg i vatn.[4] I tørr luft kan det miste éit molekyl krystallvatn og gå over til heksahydritt. Det finst naturleg som utblomstringar (efflorescensar), i avsetninger frå mineralkjelder og ved fumaroleaktivitet, og dessutan i saltførekomstar. Saltet vart første gongen framstelt i England av N. Grew i 1695 av mineralvatn frå kjeldene i Epsom, og mineralet har fått namn etter denne staden. Saltet vart tidlegare brukt som avføringsmiddel, ved etterbehandling av tekstil (appretur), i gjødsel, badesalt og meir.

Epsomitt

Epsomittformasjon i ei grotte i New Mexico.
Generelt
KategoriSulfatmineral
Kjemisk formelMgSO4·7H2O
Strunz-klassifisering07.CB.40
Dana-klassifisering29.6.11.1
KrystallsymmetriOrtorombisk disfenoidal
H-M-symbol (2 2 2)
Romgruppe: P 212121
Einingscellea = 11,86 Å, b = 11,99 Å, c = 6,858 Å; Z=4
Identifikasjon
FargeKvit, grå, fargelaus, eller rosa, grønaktig
KrystallformNåleforma til trådaktig skorper
KrystallsystemOrtorombisk
TvillingSjeldan observert på {110}
Kløyv{010} perfekt {101} tydeleg
BrotMuslig
Mohs hardleiksskala2
Glansglasaktig, silkeaktig når trådaktig
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt1,67–1,68
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1,433 nβ = 1,455 nγ = 1,461
Dobbeltbrytingδ = 0,028
2V-vinkelMålt: 52°
Oppløyselegheiti vatn
Endrar seg tilDehydrerer i tørr luft
Kjelder[1][2][3]

Kjelder endre