Erling Steineide

Erling Øistein Steineide, (10. august 19389. oktober 2019) var ein norsk langrennsløpar frå Heidal i Oppland. Han vart i 1965 noregsmeister på 15 kilometer på Fåberg. Steineide var medlem av Heidal Idrettslag, ei tid tevla han for Sjårdalen Idrettslag, før han atter gjekk for Heidal.

Erling Steineide
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. august 1938
Sel
Død

9. oktober 2019 (81 år)

Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1964

AktivEndra

Steineide var med å vinne NM-gull i 3 x 10 km stafett for Sjårdalen IL 1963-65 og for Heidal IL 1968, 1969 og 1971. Vinteren 1964 vart han nummer fire på tremila i NM på Voss, då Gjermund Eggen vart norsk meister for fyrste gong, og fekk same plassering som beste nordmann på tremila i den Svenska skidspelen. Under noregsmeistersakpen på Fåberg i 1965 gjekk Steineide sitt livs løp og vann gullmedaljen på 15 km framom Gjermund Eggen og med Ole Ellefsæter på bronseplass. I 1966 vart Steineide fjerdemann på 15 km i Lahti-renna.

Steineide gjekk den andre etappen for Noregs lag som vart nummer fire på OL-stafetten i 1964. Og han var ankermann for mannsakpet som fekk same plasseringa under Ski-VM 1970.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskapEndra

KjeldeEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar